Hopp til innhold

Mann blir varetektsfengsla i to veker

Mannen i 50-åra som i helga blei pågripen i Hornindal etter ein valdsepisode, er varetektsfengsla i to veker på grunn av fare for at bevis skal gå tapt.

Fjordane tingrett

FENGSLA I TO VEKER: Fjordane tingrett har varetekstfengsla mannen i 50-åra i to veker.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Mannen blei arrestert etter at ei kvinne i 30-åra blei påført alvorlege kuttskadar i ei leilegheit. Politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier kvinna som blei skadd førebels ikkje er avhøyrd.

– Vi håper å få gjort det så raskt som mogleg. Vi har også andre vitne vi skal avhøyre, seier ho.

Sikta for lekamskrenking

Politiet rykte seint laurdag kveld ut til ein privatbustad i Hornindal etter melding om husbråk. På staden fann dei ei skadd kvinne med kuttskadar i ansiktet og på halsen. Den andre personen som var i leilegheita, ein mann i 50-åra, blei pågripen og sikta for lekamskrenking.

Kvinna vart send til sjukehuset i Førde med alvorlege skader. Ho blei operert natt til søndag og etterpå overført til vanleg avdeling. Tilstanden blei då skildra som lettare skade.

Veit ikkje korleis kutta blei påført

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva slags gjenstand kvinna er påført kuttskadane med.

– Det blir ein del av den vidare etterforskinga vår, seier ho.

Mannen i 50-åra har erkjent delvis straffskuld i samsvar med siktinga. Både kvinna og mannen skal vere kjenningar av politiet. Det skal ikkje vere snakk om eit sambuarpar, men politiet vil ikkje seie noko om forholdet mellom dei to.