Krev varetekt etter valdsepisode

Mannen i 50-åra som natt til laurdag vart pågripen i Hornindal vi bli framstilt for varetektsfengsling tysdag. Politiet veit framleis ikkje kva som skjedde i leilegheita der ei kvinne fekk alvorlege kuttskadar.

Laster kart, vennligst vent...

– Mannen kjem til å bli framstilt for varetektsfengsling i Fjordane tingrett i morgon, dette på bakgrunn av fare for at bevis kan gå tapt. Vi gjer dette fordi vi er i ein tidleg fase av etterforskinga, og ønskjer å hente inn mest mogleg upåverka opplysningar, seier politijurist Erling Melvær ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har førebels ikkje teke stilling til kor lenge dei vil krevje mannen varetektsfengsla.

Fekk melding om husbråk

Politiet rykte seint laurdag kveld ut til ein privatbustad i Hornindal etter melding om husbråk. På staden fann dei ei skadd 35 år gamal kvinne, medan den andre personen i bustaden, ein mann i 50-åra, vart pågripen.

Kvinna vart send til sjukehuset i Førde, der ho vart operert natt til søndag. AMK karakteriserte då tilstanden som alvorleg, men stabil.

Søndag morgon vart kvinna overført til vanleg avdeling, og tilstanden vart skildra som lettare skadd.

– Kuttskadar i ansiktet og halsen

Meldinga politiet fekk laurdag kveld gjekk ut på at kniv var involvert, men politiet kan måndag føremiddag ikkje seie noko meir om korleis kvinna vart påført skade.

– Dei opplysningane vi har er at det var to personar til stades. Kvinna har fått kuttskadar i ansiktet og på halsen. Utover det kan eg ikkje seie noko om skadane av omsyn til etterforskinga, seier Melvær til NRK.no og kan heller ikkje kommentere kor vidt skadane er påført med kniv.

Vedgår delvis straffskuld

Ifølgje politiet vil det bli gjort forsøk på å få avhøyre den skadde kvinna i løpet av dagen.

Den pågripne mannen er førebels avhøyrd, og det kan bli gjort nye forsøk på avhøyr i dag.

Mannen i 50-åra er ifølgje Melvær sikta for lekamsskading.

– Han erkjenner delvis straffskuld i samsvar med siktinga.

Begge dei to involverte skal vere kjenningar av politiet. Ifølgje Melvær skal det ikkje vere snakk om eit sambuarpar, men han kan utover det ikkje seie noko om forholdet mellom dei to.