Onsdag fekk Tore Hillersøy frå Bulandet årets største fangst, med 45 blåfinna tunfisk, også kalla makrellstørje, på fyrste kast. Gleda snudde raskt då han las ufine meldingar på Facebook.
– Det er mange som pratar skit og fortel oss kva for nokre idiotar vi er, seier Tore Hillersøy.
Han og mannskapet om bord «Hillersøy» hadde nettopp dratt i land ni tonn av tunfiskearten då han sjekka Facebook. I kommentarfeltet på ein artikkel frå Fiskeribladet dukka det opp fleire ufine kommentarar om «Hillersøy», og «Salvøy» som er den andre båten med kvote på å fiske makrellstørje i år.
– Slike meldingar kan dei sende til Fiskeridepartementet, for det er dei som bestemmer at vi har lov til å fiske makrellstørje. Vi er berre fiskarar og vil jo ha noko å leve av, seier Hillersøy.
Ikkje ein gladnyheit for alle
Hillersøy har fått ufine kommentarar før. Då dei for to år sidan fekk nesten 200 makrellstørjer på eitt kast, var det også sleivete prat ute på internett. Han plar ikkje svare på slikt, men denne gongen gjorde han det.
– Eg skreiv at eg ikkje likte det han skreiv, og at han måtte ha ein fin dag. Det dei skreiv var stygt, men dei får no skrive det dei vil.
Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace i Noreg, tek avstand frå dei stygge kommentarane, men poengterer at fisking av makrellstørje er omstridt.
– I nokre kretsar er dette sjølvsagt ei gladnyheit, men makrellstørje er ein art som nesten har vore utrydda, så det er mange som ikkje tykkjer det er openbert å fiske den, seier Gulowsen.
– Men det er ingen grunn til å true nokon, for det er ikkje fiskarane som er problemet. Dei fiskar jo på lovleg kvote, men den norske forvaltninga har vore for ivrige på ein art som ikkje klarar seg så bra.
Går betre med makrellstørja
Bestanden av makrellstørja er ifølgje Havforskingsinstituttet på veg oppover, og det er ikkje lenger eit overfiske på arten. Årets kvote har dobla seg frå i fjor, og er på totalt 104 tonn.
– Bestanden er i ferd med å komme seg, men den er framleis veldig svak. Eg meiner det er rart at Noreg er så ivrig på å ta den vesle kvota, når bestanden ikkje er på topp, seier Gulowsen.
Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med personen som skreiv dei ufine kommentarane.