Hopp til innhold

Blir ein av desse den neste og kanskje siste ordføraren i Gloppen

HYEN (NRK): Nordfjordalternativet veg tungt i Gloppen når det kjem til kommunesamanslåing, sjølv om mange gjerne vil halde fram som eigen kommune.

Leidulf Gloppestad, Svein Ottar Sandal og Anniken Rygg

KJEMPAR OM ORDFØRARVERVET: Leidulf Gloppestad (Sp), Svein Ottar Sandal (KrF) og Anniken Rygg (H).

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Vallogo

Årets kommuneval blir spesielt fordi det for mange kommunar kan bli siste gongen dei vel eigen ordførar.

– Vi i Senterpartiet har gått inn i denne valkampen med eit mål og ein plan og det er å fortsette i ordførarstolen i Gloppen, seier Senterpartiet sin ordførarkandidat, Leidulf Gloppestad.

Gloppestad representerer partiet som har site med makta i heimkommunen dei siste 46 åra.

Valresultata i 2003 og 2007 var nær opp mot 50 prosent. Slik sett var resultatet i 2011 på «berre» 34,2 prosent ein nedtur. Men ved stortingsvalet i 2013 var partiet igjen oppe igjen på 44 prosent.

No er stortingsval og kommuneval to val som ikkje kan samanliknast, så Senterpartiet sin posisjon er eitt av spenningsmomenta ved årets val.

Klare til å utfordre

– Det blir nok ikkje lett, men eg håpar veljarane ser at Høgre i Gloppen gjer eit godt arbeid og gjer ein forskjell i mange viktige saker, seier Anniken Rygg som er Høgre sin ordførarkandidat.

Ho er meir enn klar til å sette bom for eventuelle planar Senterpartiet måtta ha for 50-årsjubileum som ordførarpartiet i Gloppen. Også Kristeleg Folkeparti sin ordførarkandidat, Svein Ottar Sandal, meiner det er på tide med eit skifte.

– Det er klart Senterpartiet står sterkt i Gloppen. Skal vi få til eit skifte må veljarane bestemme seg for det, seier Sandal.

– Korleis vil innbyggarane i Gloppen merke forskjellen på ein Senterpartiordførar og ein ordførar frå KrF?

– Det blir nok ingen revolusjon. Vi er samde om mange av hovudlinene i politikken, men eg trur eg folk i Gloppen ynskjer ei endring, seier Sandal.

Landbruk, industri og tomter

I Hyen, ei av bygdene Gloppen, er dei klare på kvar lokalpolitikarane bør legge vekt på skal dei klare å tippe veljarane over på si side.

Preben Vee og Karl André Foss

LANDBRUK OG INDUSTRI: Prebens Vee og Karl André Foss.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi er jo i eit landbruksområdet, så det bør vere viktig i tillegg til satsing på industri, seier Preben Vee som jobbar hjå Brødrene Aa Marine.

Han får støtte frå arbeidskollega Karl André Foss.

– Det er som Preben seier, her er det mykje landbruk, i tillegg til at vi har industri så det er også viktig.

Bjørn Kåre Eikenes er oppteken av næringsutvikling og at folk skal ha lyst til å busette seg i kommunen.

Bjørn Kåre Eikenes

BUSETNAD: Bjørn Kåre Eikenes.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– I tillegg har eg lese mykje om kommunesamanslåinga, og eg veit vel ikkje heilt kva eg skal meine om det. Eg trur vel ikkje det er lurt med for store einingar.

Vil helst halde fram åleine

Kommunesamanslåing er kanskje ei av dei sakene som får mest merksemd akkurat i denne valkampen, for i mange kommunar kan det vere siste gongen dei vel eigen ordførar.

Neste gong kan dei vere del av ein ny storkommune. Og kva bør Gloppen då gjere, gå mot Eid og Nordfjord, mot Sunnfjord og bli ein del av samanslåinga av 10 kommunar som no blir diskutert der, eller kan dei halde fram åleine?

– KrF i Gloppen har sagt at det framleis er høgaktuelt å vere eigen kommune. Elles syns vi at Gloppen er Nordfjord, og difor vil har greidd ut meir dei alternativa som er i Nordfjord, seier Sandal.

I Senterpartiet meiner Leidulf Gloppestad at det er mykje som talar for at Gloppen også bør kunne halde fram som eigen kommune også i framtida

– No har vi prosessar som går både nordover og sørover. Personleg meiner eg slik som denne reforma går, er det ingenting som tilseier at ikkje Gloppen kan halde fram som eigen kommune, seier Gloppestad.

I Høgre seier Anniken Rygg at dei vil lytte til innbyggarane i Gloppen og kva dei ynskjer, men understrekar samstundes at ho personleg har nordfjordbunad hengande i skapet.

– Eg har stått på talarstolen og sagt at eg har nordfjordbunad, og har tenkt å ha det vidare. I det biletet ligg det at eg har sterke kjensler for Nordfjord, seier Rygg