Blir Coop Nordvest

Styra i Coop Vest og Coop Orkla Møre tilrår fusjon mellom dei to laga. Målet er å vere slått saman til Coop Nordvest innan årsskiftet, skriv Firda. Saka vert avgjort i eit ekstraordinært årsmøte den 28. august. Dei 20 tilsette ved hovudkontoret til Coop Vest i Førde held fram i det som blir eit regionkontor.