Hopp til innhold

Bli med på skøytetur – utan knall og fall

Ein fin og glatt skøyteis og ei varmande februarsol. Forholda kunne knapt vore betre for over 100 elevar som leika seg på isen.

Over 100 elevar koste seg på skøyteisen.

SJÅ VIDEO: Bli med ut på skøytetur saman med over 100 elevar i strålande februarsol.

Med sol frå skyfri himmel og med heilt nye hockeyskøyter skulle David Randal prøve seg på isen for første gang i år. Med god fart glei han som om han aldri hadde gjort anna.

– Isen er glatt og skøytene er gode. Dette er mykje kjekkare enn å sitte inne på skulen.

Med seg på skøyteisen hadde elevane frå Slåtten skule praksisstudentar. Dei koste seg like mykje som elevane, om ikkje meir.

– Eg er bambi på glattisen, men vi må jo prøve, ler Runa Buene.

Med kakao på termosen og sola midt i ansiktet nøyt elevane små pausar, før dei på ny tok ei runde rundt Digernesvatnet i Førde.

Ser skummelt ut for skøyteisen framover

Desse fine vinterdagane med sol og lave temperaturar er truleg forbi.

– Det er lågtrykk som er stikkordet for den neste veka, seier Martin Granerød, som er meteorolog.

Det betyr at det blir meir nedbør over fylket og at skøyteisen forsvinn.

– Vind frå sør og ein del skyer. Det blir periodar med nedbør. Ein må opp i fjellet for å få snø av nedbøren, seier Granerød.