Hopp til innhold

Bjørnejakta er i gang

Ti jegarar er no ute på jakt etter bjørn i Lærdal.

Eit av dei bjørnedrepte kadavera

Eit av dei bjørnedrepte kadavera som er tenke i Sogn.

Foto: Håkon Øydvin/Statens naturoppsyn

Sauebøndene har fått fellingsløyve frå fylkesmannen etter at fem sauekadavder viste alle dei karakteristiske trekka for at dei er blitt drepne av bjørn.

Fleire av jegerane i fellingslaget er kveld ute i området og leitar etter spor.

– Ute i heile natt

– Det er umogeleg å seie kor lenge ein kjem til å helde på. Det kan vere over på nokre timar, men det kan også gå mykje lenger tid. Jegerane kjem truleg til å vere i sving i heile natt, seier Alf Eirik Røyrvik, utmarkkonsulent i Skogeigarlaget.

Han er spent på korleis bjørnejakta kjem til å gå.

– Det er som å leite etter nåla i høystakken. Ein bjørn kan gå fleire kilometer på svært kort tid. Og som vi har sett i dettte tilfellet er det fleire kilometer mellom sauene som er tenkne, seier Røyrvik.

To år sidan sist

Røyrvik fortel at det kjem til å bli ei krevjande øving å finne bjørnen. Det må planleggast og organiserast godt for at dei i det heile teke skal ha ein sjanse, ifølgje utmarkoskonsulenten som sjølv er med i sankelaget.

Det er to år sidan sist det vart skote bjørn i Sogn og Fjordane.

– Eg er overraska over at det har gått så lang tid sidan sist vi såg bjørn. For det har vore ei stor auke i rovdyrbestanden, og det er ingenting som tyder på at det blir mindre av dei. Tvert i mot, seier Røryvik.

– Viktig å få skutt bjørnen

Lars Nesse i sankelaget er ein av mange som håpar dei får tatt ut bjørnen raskt.

– Det er viktig å få skutt bjørnen. For han han gjort store skader i saueflokken. I går fann vi fleire kadaver, og i dag har vi funne endå fleire, så omfanget blir berre større og større når tida går, seier Nesse.