Hopp til innhold

Fryktar bjørn har drepe sauer

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bøndene i Lærdal er i full alarmberedskap etter at to opprivne sauekadaver er funne i Borgund.

Statens Naturoppsyn meiner det er sansynleg at det er ein slagbjørn som er på ferde, skriv Sogn Avis.

Sau- og geitealslaget i Lærdal hadde i går krisemøte. Dei vil truleg krevje felling av bjørnen, dersom det syner seg å vere slagbjørn i området.

Ifølgje avisa vart dei drepne sauene funne berre få kilometer frå befolka område i Borgund. Men er det ein hannbjørn, så vil den kunne tilbakeleggje mange mil om dagen.

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn seier dei er nokså sikre på at det er ein bjørn som er på ferde.

– Alle rovviltartane har sine måtar å avlive og handtere ei kadaver på, og i desse tilfella ser det ut til at det er kjenneteikna til ein bjørn, seier han til NRK Sogn og Fjordane.