Hopp til innhold

«Ikkje sikkert at alle kyrkjer kan ha gudsteneste like ofte som før»

ARNAFJORD KYRKJE (NRK) Det kan bli færre gudstenester i utkantkyrkjene i Sogn og Fjordane, varslar Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug.

Biskop Halvor Nordhaug i Arnafjord kyrkje

BISPEVISITAS: Det blei muntert mellom biskop Halvor Nordhaug og ungane ved Valsvik skule og barnehage under skule- og familiegudstenesta i Arnafjord kyrkje, som ligg i eit av dei minste kyrkjesokna i Bjørgvin bispedømme.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det kan henda at me til ein viss grad må samla gudstenestene i dei sentrale kyrkjene, seier biskop Halvor Nordhaug, men presiserer:

– Alle kyrkjene skal stå, dei skal haldast ved like, og dei skal brukast, fordi dei betyr mykje for folk.

– Gode grunnar for samanslåing

Salmesongen byrjar å rulla gjennom skipet i Arnafjord kyrkje. Det er torsdag morgon, men like fullt skule- og familiegudsteneste. For denne dagen har dei tre grendelaga Framfjorden, Indrefjorden og Nese som soknar til kyrkja, geistleg besøk.

Biskopen i Bjørgvin er på visitas i Vik prestegjeld.

Biskop og Emma Midtbø

HØGTIDELEG: Emma Midtbø og dei andre minikonfirmantane i 5. klasse ved Valsvik skule får delt ut diplom av biskop Halvor Nordhaug.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ein veldig fin plass å vitja, men ein skikkeleg skummel veg å køyra, seier Nordhaug og haustar humring frå sokneborna, som nesten dagleg køyrer fylkesvegen mellom Arnafjord og Vik og dermed veit kva «rasfare» inneber.

Med sine 150 innbyggjarar er Arnafjord eitt av dei minste sokna i bispedømmet – og ligg i Vik kommune, som denne vinteren har forhandla fram to intensjonsavtalar om nye storkommunar.

Over heile landet kan kommunekartet sjå heilt annleis ut om få år. Det har biskop Nordhaug ikkje noko imot.

– Nokre kommunar er forholdsvis små, og det gjer ikkje noko om dei slår seg saman og blir større, fordi det kan bety meir effektiv drift. Både når det kjem til ressursforvaltning, økonomi og ikkje minst leiing av personalet, seier han.

Hardare kamp om kronene

I dag får kyrkja mesteparten av inntektene sine nettopp frå kommunebudsjetta. Dei kyrkjelege fellesråda i kvar kommune er arbeidsgivaren til dei kyrkjetilsette, utanom prestane, og har ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjebygg, samt at sokneråda har nok pengar til å driva sitt arbeid.

Prost Kjetil Netland

IKKJE DRAMATISK: – Me skal klara å handtera storkommunar, så lenge me held merksemda på lokalkyrkja, der livet skjer, seier prost Kjetil Netland i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Når kommunane blir større, kan òg kyrkjesokna sin kamp om kronene bli hardare, seier prost Kjetil Netland i Sogn. Eit prosti som omfattar 37 kyrkjer i dei åtte kommunane i midtre og indre Sogn frå Balestrand og innover.

– Fleire får større avstand til kommunesenteret, eller senteret for den kyrkjelege administrasjonen og det kyrkjelege fellesrådet. Det er avgjerande at me som kyrkjeleiarar er merksame på at det er i lokalkyrkjelyden livet skjer, og at lokalkyrkja skal vera levande og sterk.

Ikkje tvangssamanslåing av kyrkjesokn

Til hausten skal Fylkesmannen levera si tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om korleis kommunekartet i Sogn og Fjordane bør sjå ut. Då vil kyrkja møtast for å drøfta korleis dei skal organisera seg.

Sjølv om dei kyrkjelege fellesråda skulle bli større i nye storkommunar, vil verken prosten eller biskopen slå saman kyrkjesokn med tvang. Slike fusjonar må i så fall koma som eit ønskje frå sokna sjølve, seier dei.

– Gevinsten med større kommunar kan like fullt vera at me få meir effektiv administrasjon og bruka folk og pengar der folk verkeleg skal vera til stades, nemleg i lokalkyrkjelyden, seier Netland.

Arnafjord kyrkje

MÅLA PÅ DUGNAD: Arnafjord kyrkje, bygd i 1880.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Prosten meiner at engasjementet for kyrkja ofte er større i mindre sokn, noko Arnafjord er eit døme på.

– Her har dei samla inn pengar og arbeidd dugnad for å få måla kyrkja. Det skjer ikkje på dei større plassane.

– Han med hengaren er far min!

I skulegudstenesta er det blitt muntert mellom biskop Nordhaug og ungane ved Valsvik skule og barnehage. Biskopen fortel om køyreturen frå Vik til Arnafjord kyrkje, 26 smale kilometer under bratte flog og hamrar.

– Me kom tre bilar på rad, og så møtte me ein bil med hengar. Ja, det var ikkje lett! Det er i alle fall lettare å køyra i Bergen enn her, fortel biskopen.

Då er det ein skulegut som strekkjer armen i vêret og seier:

– Han med hengaren er sikkert faren min.

Biskopen, prosten og heile kyrkjelyden bryt ut i latter.

– Då må du helsa far din og seia at han var skikkeleg flink til å rygga, repliserer Nordhaug.

Valsvik skule og barnehage

KLÅR SONG OG FLOTTE PAPIRSOMMARFUGLAR: Ungane ved Valsvik skule og barnehage.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Då biskopen mista den gamle gullkrossen

Så lyfter biskopen fram det forgylte smykket han har hengjande på bringa si. Ein gullkross som Karl Johan gav til kvar av biskopane i Norge i 1815 etter at Norge var hamna i union med Sverige.

Nordhaug byrjar å fortelja historia om då krossen forsvann i Sognefjorden for ein del tiår sidan:

– Også den gongen hadde biskopen vore på visitas, slik eg er no, på nordsida av fjorden. Han hadde god tid før ferja skulle gå frå Lavik til Oppedal, så han byrja å rydda i bilen og tok ut pakkane og posane han hadde liggjande. I ein av posane hadde han gullkrossen.

Då han pakka inn att i bilen, gløymde han akkurat denne posen. Gullkrossen blei difor liggjande att heilt nede ved fjorden. Vind og bølgjer drog posen ut i sjøen.

På veg til Bergen kom biskopen plutseleg på at han hadde gløymt noko. Han ringde tilbake til Lavik og spurde om folk kunne leita. Mange leita, mellom dei ein heil skuleklasse, men ingen fann posen. Biskopen blei lei seg, for no var han sikker på at gullkrossen frå 1815 var vekke for alltid.

Biskopen og gullkrossen

GULLKROSSEN: Femteklassingen Sigve Heggenes får bera gullkrossen av biskop Halvor Nordhaug.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men dagen etter var det ein mann som var ute og gjekk tur med hunden sin. Dei gjekk langs fjorden. Der fekk dei sjå noko som låg i fjøresteinane. Mannen sende hunden ut i sjøen, og han kom attende med noko i munnen. Mannen såg at det var ein liten pose. I posen låg gullkrossen.

Så dette smykket har vore tapt i Sognefjorden, og no går eg med det og er veldig glad for at hunden fann det.

– Går ut over dei eldre

I Arnafjord kyrkje går bispebesøket mot slutten. I den vesle trekyrkja frå 1880 er det gudsteneste ein gong i månaden.

Talet på slike seremonielle samkomer har gått ned dei siste åra, som i Vik med 17 prosent på 12 år. Ei kommunereform og ein ny arbeidstidsavtale for prestane kan bety endå færre gudstenester i dei små utkantkyrkjene i framtida.

Ole Agnar Helland

STEINTAVLENE: Prest Ole Agnar Helland leiar skulegudstenesta i Arnafjord kyrkje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Utanfor ein daglegvarebutikk i Vik sentrum trur dei handlande at det vil merkast spesielt for ei aldersgruppe.

– Dei eldre. Me unge er ikkje så ofte til kyrkje, så det er synd for dei eldre, seier Kristin Jordalen.

– Det blir verst for dei eldre. Sjølv om eg veit at dei tilbyr kyrkjeskyss, blir det nok verre for dei å koma seg til kyrkje. Når ein blir eldre, er det mange ting som blir meir kvidesamt, seier Oddveig Holstad.

– Bruk nabokyrkjene

Biskop Halvor Nordhaug har like fullt følgjande oppfordring:

– Eg vil gjerne seia til folk i Sogn og Fjordane at det er lov å reisa til nabokyrkjene. Eg tykkjer at de i dette fylket sit altfor mykje fast i tenkinga om at det berre er éi kyrkje de kan gå i, og det er den kyrkja som ligg nærast, seier han og held fram:

– Det er lov å setja seg i bilen på søndagane – slik de gjer når de skal handla eller køyra til arbeid, kryssa soknegrensa og gå til gudsteneste andre stader enn akkurat der de bur. For det kan bli litt sjeldan med ei gudsteneste kvar fjerde søndag, seier Nordhaug.