Mange av kuskane er skeptiske til å køyre med hestevogn i den stadig aukande turiststraumen. Dessutan klarer vi ikkje å handtere dei mengdene med turistar som kjem, seier Rune Aabrekk, som er leiar i Oldedalen Skysslag. Briksdalsbreen er ein av dei største turistattraksjonane i landet.
Idyllen blir ikkje heilt den same. Foto Ragnvald Søgnesand © NRK.
100 år gamal tradisjon
I meir enn 100 år har stolte fjordingar skyssa turistar opp den vakre Oldedalen til Briksdalsbreen. Men i 1999 omkom ein japansk turist i ei hesteskyssulukke, og det kom fleire nestenulukker. Noko av årsaka er den store trafikkauken som fører til eit meir stressa miljø, seier Aabrekk.
Krev betre tryggleik
Reiseselskapa er klare i sine krav, tryggleiken må betrast om dei skal sende turistar i hesteskyss til breen. Ulukkene og nestenulukkene har òg gjort det vanskelegare å skaffe kuskar og skysshestar til hesteskyssen. I fjor hadde dei 40 hestar, i år er talet nærare halvert.
Og eit av tiltaka er altså å prøve ut seks dieselbilar i sommar med plass til sju passasjerar i kvar. Men Rune Aabrekk seier at det ikkje er snakk om å kutte ut den meir enn 100 år gamle tradisjonen med hesteskyss. Han understrekar at dei spesialbygde bilane berre skal ta over ein liten del av trafikken.