Johs Thaule
- Kommentaren min er at vi har fått ei viss betring i det nye framlegget. Vi fekk eit kutt på 115 studieplassar i det gamle framlegget. Vi har rekna kjapt på dagens framlegg, og ut frå det så får vi inn 65 av dei plassane, seier høgskulerektor Johs Thaule.
- Høgskulestyret har gjort ei klar prioritering i høve til kutta, og dei reknar eg med at vi kjem til å halde oss til, seier Thaule, og viser til at styret går inn for at kutta skal kome først på Sandane.
Thaule meiner det ikkje blir mange oppseiingar i kjølvatnet av det nye budsjettet.
- Ut frå det som ligg her, så skal ikkje svært mange av dei som arbeider i høgskulen vere redde for arbeidsplassane, seier han.