Særleg vil franskmenn ha norske blåskjel. Meir enn kvart tredje blåskjel hamna på franske bord.
Dobling i verdien
Etter fleire utfordrande år for næringa ser Siri Kolseth, styreleiar i Torheim Skjell AS i Eid kommune, endeleg lyst på framtida. - I fjor fekk vi ei dobling i verdien, og omsette for 15 millionar kroner. Så næringa er på glid, seier ho.