Hopp til innhold

Betalte 200.000 for 368 falske reseptar

Nordfjordingen i 60-åra betalte 200.000 kroner over ti år for dei falske reseptane han fekk i postkassen. No må han i fengsel.

Gulating lagmannsrett

DØMD: Både mannen og forsvararen meinte straffa frå Fjordane tingrett var for streng, og anka avgjerda inn for Gulating lagmannsrett.

Foto: Rune Victoria Engen / NRK

Legane ville ikkje skrive ut reseptar på smertestillande, men kort tid etter eit behandlingsopphald for ryggproblema byrja falske reseptar å dumpe ned i postkassen.

Dei neste ti åra brukte nordfjordingen 368 falske reseptar for å få ut over 50 000 tablettar av legemiddelet Paralgin forte.

Betalte 200 000 kroner

Mannen vart i februar dømd til fengsel i tre år, to av desse med prøvetid på to år. Sjølv om dette var ein tilståingsdom, anka mannen straffutmålinga inn for lagmannsretten.

Her forklara mannen at han ville, men ikkje våga å avslutte «kjøpsavtalen» med reseptavsendaren som han framleis hevda å ikkje vite kven er.

Over dei ti åra reseptane dumpa ned i postkassen, betalte nordfjordingen 200.000 kroner på «opplegget».

8400 brukardosar

Mannen fekk også tilsendt ein CD med reseptmal. Denne hevda mannen at han berre opna, men aldri prøvde å skrive ut falske reseptar sjølv.

Legemiddelet Paralgin forte inneheld det narkotiske verkestoffet Kodein, noko som mellom anna blir omdanna til morfin i kroppen. Sakkunnige meinte dei over 50.000 tablettane tilsvara 8400 brukardosar Kodein.

Nordfjordingen forklara i retten at han brukte mellom tre og seks tablettar for veka. Tablettoverskotet kasta han i fjorden.

Var spreiingsfare

Forsvararen viste til at tablettane vart kjøpte i små parti av gangen over lang tid, og at det ikkje var spreiingsfare. Lagmannsretten meinte spreiingsfaren var reell, men at denne ikkje hadde materialisert seg.

Sjølv om retten meinte tilståinga var langt frå kjerneområdet i ordninga med tilståingsrabatt, fekk han fire månader strafferabatt.

– Når det gjeld tilståinga, finn lagmannsretten at denne mest er å likne på hans eiga plassering av dei korta som allereie låg på bordet, skriv lagmann Hanne Sophie Greve.

Rabatt for lang liggetid

Lagmannsretten sa seg derimot samd med forsvaret at det tok uforsvarleg lang tid frå tiltalen var teken ut til saka kom opp i domstolen.

– Sterkt beklageleig – og til ein klar ulempe for domfelte – har det openbart vore at saka vart liggande urørt hos påtalemakta frå mars 2013 til september 2014, skriv Greve.

Av straffa på to år og åtte månader blir dermed eitt år og to månader på vilkår, med to prøvetid på to år.