Hopp til innhold

Lærar svindla til seg over 50 000 tablettar med smertestillande

Ein 64-år gammal lærar svindal til seg over 50 000 tablettar med Paralgin Forte.

Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Mannen vedgjekk forholdet i Fjordane tingrett. Mannen vart dømd til fengsel i 3 år.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Frå november 2002 til desember 2012 skal mannen ha klart å svindle til seg 50 400 paralgin forte-tablettar. Desse inneheld det narkotiske stoffet Kodein.

Mengda tablettar tilsvarar 8 400 brukardosar Kodein. Det kan ifølgje retten samanliknast med 63 gram rein heroin.

Mannen skal ha falske reseptar for å få tablettane frå apotek i området. Tablettane skal ha vore til eige bruk, noko retten har funne truverdig. Mannen tilstod forholdet i retten.

For å utmåle straffa har retten særleg alvorleg på kva stoff mannen har erverva, kvantum og måten dette er gjort på.

Fjordane tingrett dømde 64-åringen til fengsel i 3 år, med ei prøvetid på 2 år.