Hopp til innhold

«Det såg verre ut enn det var»

Ann Kristin Aafedt Flatland vart nest beste nordmann i ein luftig og tåkelagd skiskyttarsprint i tyske Oberhof.

Frå standplass i Oberhof

TÅKE: Heile skiskyttarstadion låg bada i tåke under fredagens skiskyttarsprint i Oberhof.

Foto: NRK

Med ei strafferunde kom Ann Kristin Aafedt Flatland i mål 1.09,8 bak sigrande Darja Domrasjeva (Kviterussland) og hadde vel halvminuttet opp til ukrainske Olena Pidrusjna på tredjeplass.

Tora Berger fekk siste skyting øydelagd av kraftig vind, men snappa fjerdeplassen 8,2 sekund føre Aafedt Flatland.

– Eg tykte det var bra skyting, men eg var småsjuk for nokre dagar sidan så eg føler eg har meir å gå på fysisk. Det gjekk vel heilt greitt, summerer opp sistnemnde.

– Ikkje så gale

For dei som følgde prinsen på TV var det berre glimtvis ein fekk sett noko til skiskyttarane.

For tåka låg tjukk over skiskyttarstadion. Det gjorde den også då Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø vart høvesvis ti og 32 på herresprinten.

– Det såg nok verre ut enn det var. Eg følgde med på skjermen då gutane gjekk, men då eg gjekk sjølv var det heilt annleis. I Östersund er dette heilt normale forhold, humrar Aafedt Flatland.

Første løp på ein månad

Flatland

NØGD: Ann Kristin Aafedt Flatland gjekk inn til 5. plass.

Foto: PONTUS LUNDAHL / NTB scanpix

Verdscupsprinten i Oberhof er Aafedt Flatland sin første konkurranse sidan 33. plassen i Hochfilzen i starten av desember . Tida til no har ho brukt til å følgje treningsprogrammet fram mot OL i februar.

– Grunna sjukdom gjekk eg glipp av nokre treningsdagar og hardøkter. Meininga var mellom anna å ha eit testløp nyttårsaftan, men den hardøkta fekk eg heller i dag, seier ho og fortel ho ikkje merkar noko til sjukdomsteikna no.

– Har sjukdomen sett deg tilbake?

– Nei, den har vel ikkje sett meg veldig tilbake. Eg måtte berre utsette testløpet nokre dagar.

I rute til OL

Laurdag står jaktstarten for tur, medan den fjerde runda i verdscupen blir avslutta søndag med fellesstart. Før OL skal Aafedt Flatland følgje verdscupsirkuset innom både Ruhpolding og Antholz-Anterselva.

– Er du i rute til OL?

– Eg trur det. Planen er å komme gradvis i slag framover no, og så får eg ein liten treningsperiode mellom siste verdscup og OL. Eg har no i alle fall lagt ein plan som eg meiner skal få meg i slag til OL.

Nøgd landslagssjef

Egil Gjelland

LANDSLAGSSJEF: Egil Gjelland.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Landslagssjef Egil Gjelland var nøgd med det jentene viste i sprinten fredag. I tillegg til Berger og Aafedt Flatland, gjekk Tiril Eckhoff inn til 10. plass, medan Synnøve Solemdal vart nummer 21.

Elise Ringen fekk 22. plass, medan Fanny Welle-Strand Horn vart nummer 46.

– Fem blant dei 22 beste er veldig bra. Forma til jentene er veldig god, og dei stadfesta at dei er på god veg mot OL, seier Gjelland til NTB.