Hopp til innhold

Reiser heim for å trene etter 33. plassen

Ann Kristin Aafedt Flatland gjekk seg opp åtte plassar på dagens jaktstart i Hochfilzen. Etter 33.-plassen i Austerrike, reiser ho heim for å trene.

Flatland

HEIM: Ann Kristin Aafedt Flatland reiser heim for å få meir fysisk trening fram mot OL i Sotsji.

Foto: PONTUS LUNDAHL / NTB scanpix

Ann Kristin Aafedt Flatland vann sprinten i Östersund for vel ei veke sidan . Denne helga gjekk det noko tyngre under verdscuprenna i Hochfilzen.

Fredag vart ho nummer 41 på sprinten, medan vikjen klussa på standplass då stafettlaget vart nummer fem. I dag vart det 33. plass på jaktstarten.

– Sprinten var ok, men fekk litt vind på ståande som eg ikkje var god nok til å takle. Stafetten var det eit greitt løp, men eg fekk noko ladekluss på første skyting som eg tapte alt på. I dag tykte eg det var ein god og grei jobb, men kanskje litt for defensiv på ståande skyting, seier ho.

Samd i kritikk

– Summert opp tykkjer eg det er mykje positivt å ta med seg frå helga. Eg går bra teknisk, legg ho til.

Aafedt Flatland gjekk seg opp åtte plassar på jaktstarten søndag. Med andre ord ein liten opptur i høve til stafetten laurdag. Då fekk veteranane Aafedt Flatland og Tora Berger kritikk frå NRK sine ekspertkommentatorar.

Saman brukte dei sju av dei 11 ekstraskota til det norske laget. Norge vart nummer fem.

– Det er småtungene på standplass som øydelegg. Synnøve og Toril var bra, men Tora og Ann Kristin var under pari på standplass, sa Liv Grete Skjelbreid Poirée.

Heim for å trene

– Det var ikkje bra nok om ein skal hevde seg i toppen, så der er eg heilt samd. Tora fekk litt mange ekstraskot, og eg rota med tekniske problem. Men det er betre at det skjer no enn under dei større konkurransane seinare i vinter, seier Aafedt Flatland.

Som står over verdscuprennet i Annecy Le Grand Bornard i dei franske alpar.

– Nei, det får andre ta seg av no. Eg reiser heim att for å trene, seier ho.

Kjenner seg sliten

For det er OL i Sotsji som er sesongens store mål, og som ho prioriterer å trene mot. Neste verdscuprenn blir truleg Oberhof etter jul.

– Det har litt med det som kjem seinare i vinter. Eg kjende denne helga at eg er litt sliten, og då er det betre å reise heim for å trene så eg har moglegheit for å vere i bra form i dei viktigare konkurransane, seier ho.

– Eg skal ta det litt med ro, få ein del langturar og trene styrke. Det er det som blir det viktigaste for min del, avsluttar ho.