Det enda med 2-2 og poengdeling då formlaga Sogndal og Bodø/Glimt møttes på Fosshaugane.
Heimelaget stod for sjansane, men kom under 0-2. Ti minuttar før slutt dukka tidlegare Hødd-spelar Ole Amund Sveen opp og utlikna med Sogndal sitt 300. mål i eliteserien.
– Taijo Teniste er flink til å komme rundt og legge inn på bakerste. I det siste har mange av linnegga gått over alle saman, så eg fekk beskjed av Eirik Bakke i går om å prøve å gå bakerste. Der kom ballen, og det var deilig, seier Sveen.
Innbyttar gav håp
Målscoraren er imponert over måten lagkameratane stod fram på då dei i løpet av kampens 20 siste minuttar sikra eitt poeng.
Han trur på mange fleire Sogndal-poeng framover.
– Vi viser utruleg lagmoral og trur vel at vi skal klare å snu det sjølv på 0-2. Eg tykkjer vi er best heile kampen, men rotar litt. Når ein møter eit lag som er så gode på kontringar så er det vanskeleg å snu, seier han.
Endra formasjon
Også Sogndal-trenar Eirik Bakke er imponert over spelarane sine etter opphentinga mot Bodø/Glimt.
Like før reduseringa sleppte han til Kristian Fardal Opseth og Rune «Bolli» Bolseth. Han la om til 4-3-1-2 og voila: Sogndal har ti kampar utan tap.
– Vi lukkast. Eg veit at gutane er godt trente. Erik Birkelund og Ole Amund Sveen orkar og «Bolli» har kunnskapen. Det er godt gjort å få med seg eitt poeng når ein rotar vekk to mål, seier han.
Innbyttar gav håp
Sogndal var spelemessig det beste laget på Fosshaugane i dag, men disiplinerte og effektive Bodø/Glimt såg lenge ut til å stikke av med alle poenga. Og påføre Sogndal sitt første tap sidan Brann-kampen i april.
Men innbyttar Fardal Opseth gav heimepublikumet håp med reduseringa 20 minuttar før slutt.
– Pasningen, eller skotet, frå Jukka Raitala var nok tilfeldig, men ballen kom litt framfor meg og eg såg eg kunne endre retninga. Eg sa til Jukka etterpå at det var godt gjort å sjå meg og finne meg med ein fantastisk cross, humrar Sogndal sin toppscorar frå i fjor.
Skuffa Olsen
Scoringa gav Sogndal blod på tann.
– Det gav oss trykket vi trengde. Vi kjem tilbake til 2-2 og prøver på 3-2, men alt i alt skal vi vere nøgde med at vi viser så god moral at vi klarer eitt poeng. Og så er det kjekt å få komme inn på og medverke litt, seier Fardal Opseth.
Nøgd var ikkje gjestenes tomålscorar Trond Olsen.
– Vi er mykje meir skuffa over å ikkje ta tre poeng, enn å glede oss over eitt poeng, seier han.