Hopp til innhold

Sjukehuset blei også "dyrehospital" då brannen råka Lærdal

Lærdal sjukehus fekk ei relativt framand pasientgruppe dei måtte ta hand om under storbrannen - 11 hundar vart også tekne vare på.

Lærdal sjukehus

TRAKTERTE NY PASIENTGRUPPE: Sjukehuset i Lærdal fekk ei ukjend pasientgruppe å ta hand om då storbrannen herja. 11 hundar vart tekne hand om, i tillegg til alle dei rundt 400 personane som vart vurdert av lege.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Under styremøtet i Helse Førde fredag føremiddag orienterte administrerande direktør Jon Bolstad om innsatsen til helseføretaket i samband med storbrannen i Lærdal.

Han fortalte mellom anna at i alt 446 fekk ei medisinsk vurdering av lege. Meir overraskande var det at sjukehuset også fungerte som "dyrehospital" i det første døgnet av storbrannen.

Tok vare på mange hundar

– Det kom inn i alt 11 hundar til sjukehuset, og sjølv det klarte personalet å takle i mørket. Ho som stilte på jobb som kokk sørga til med for eigen mat til alle hundane, sa ein tydeleg imponert Jon Bolstad.

I løpet av natta kom også veterinær på plass, og sørga for å sjekke at også kjæledyra hadde det bra, i tillegg til alle dei som etterkvart fekk oksygen og annan medisinsk behandling.

Gjekk tøft for seg

– Det gjekk veldig tøft for seg det første døgnet, og det var ein forferdeleg situasjon. Særleg for alle dei som var evakuerte og direkte råka av brannen. Heldigvis fekk vi kontroll etterkvart, sa overlege ved Lærdal sjukehus, Geir Berge Øverland til styret.

Han sit sjølv i Helse Førde-styret som representant for dei tilsette i helseføretaket.

Hus brann ned

DRAMATISK FOR ALLE: Storbrannen i Lærdal natt til søndag var svært dramatisk, også for kjæledyra.

Foto: Odd Helge Brugrand