Hopp til innhold

Ber ungdommen om hjelp - igjen

Ungdommen i Naustdal skal igjen høyrast, det skriv Firda. Etter ein periode utan ungdomsråd, vil kommunen no ha på plass eit nytt. Der skal ungdommen handsame saker og seie si meining. Kommunen ønskjer sju representantar og har sett frist til 30. august for å komme med innspel.