Hopp til innhold

Budd på hektisk tid etter russisk importstogg

– Norske styresmakter må betre forholdet til Kina, seier eigar Ola Braanaas i Firda Seafood om importforbodet Russland innførte i går.

Ola Braanaas

FRYKTA: Ola Braanaas i Firda Seafood seier importstoggen i Russland var frykta. – Vi har vore engstelege for situasjonen i Ukraina over lang tid, og sett føre oss at det kunne bli eitt slikt scenario, seier han.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Russland stogga torsdag morgon all import av kjøtt, fisk, grønsaker og mjølkeprodukt frå USA, Canada, Australia, EU og Norge.

Importstoggen er ein direkte følgje av dei same landa sine økonomiske sanksjonar grunna situasjonen i Ukraina.

– Når vi kjem i ein slik situasjon så pålegg det styresmaktene ekstra ansvar å jobbe hardt for å finne gode kanalar ut med varene våre, Ola Braanaas, eigar av Firda Seafood.

Største marknaden

Den russiske marknaden utgjer ti prosent av salet frå Norge, og med kring 100.000 tonn fisk totalt er det den største og viktigaste eksportmarknaden for norsk sjømat.

Norske fiskeriprodusentar har allereie starta arbeidet med å omplassere fisken sin etter importforbodet.

– Når skjer så fort som no så blir litt skaka og tenkje alternativt for å finne andre kanalar for å fisken vår framover. Ein overgangsperiode blir det litt kaotisk til vi klarer å finne ny marknad, seier Braanaas.

Har fått følgjer

Braanaas seier næringa har vore engstelege for at situasjonen kunne oppstå, men legg til at ting skjedde fortare enn venta. Firda Seafood sender 60–70 prosent av fisken sin til Russland.

Fiskeoppdrettaren har allereie merka følgjene av forbodet.

– Vi hadde nokre få kundar i Russland som har tatt marginalt med fisk i går, og nokre kundar seier at dei ikkje kan kjøpe. Ein del importørar har allereie slutta å handle, seier Braanaas.

–Styresmaktene må jobbe

Politisk leiing i Utanriksdepartementet, representantar frå Fiskeridepartementet og Fiskeri og havbruksnæringas landsforbund sit fredag føremiddag i eit møte om importforbodet. Forbundet vil mellom anna jobbe for å opne marknaden i EU, skriv fiskeribladet fiskaren.

Braanaas meiner styresmaktene i denne situasjonen må jobbe for ei betring i forholdet til Kina.

– Vårt ansvar er å produsere og eksportere, så har styresmaktene ansvar for å syte for marknadstilgang kring om i verda. Det som er viktig for oss no er at styresmaktene jobbar intenst med marknadstilgang til dei land vi allereie har utfordringar, seier han.