Hopp til innhold

Ber om godt vêr etter at dei utførte målingsarbeid på kyrkja på ein søndag

FØRDE (NRK): Arbeidarane ville dra nytte av det gode vêret. Etter kyrkjetid på søndag sette dei i gang med målingsarbeid av kyrkja i Førde.

Målar kyrkja i Førde på ein søndag

SØNDAGSARBEID: Eit lokalt målarfirma sende ut tre disiplar til å utføra grunningsarbeid på kyrkjetårnet i Førde.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Folk i Sunnfjord-byen fekk kyrkjekaffien i halsen då dei oppdaga at arbeidarane frå det lokale målarfirmaet rigga seg til i stillaset langs kyrkjeveggen.

– Der har det vore ei misforståing. Målaren ringde meg fredag og spurde om det var greitt at han plastra søndagen. Eg tenkte at plastring er å henga opp ein duk for å beskytta mot regnet, men det han snakka om var grunningsarbeid. Hadde eg skjønt det så hadde eg sagt nei, seier Oddvar Etnestad, kyrkjeverje Førde kyrkje.

På etterskot

– Vi har misforstått kvarandre og snakka saman. Han er lei seg for at folk har reagert og har beklaga det, seier Etnestad.

For det heiter seg at ein skal halda kviledagen heilag, og det seier Etnestad at dei også er opptekne av. Men ein Vestlandssommar utan det beste vêret har gjort at målaren har kome på etterskot, og derfor måtte han nytta søndagen.

– Vi skulle jo ha måla ferdig kyrkja i fjor sommar, men då var det også dårleg vêr som gjorde at dei ikkje vart ferdige med kyrkjetårnet. Der håpar vi å bli ferdige i år, seier Etnestad.

Vil be om godt vêr

Og om du ikkje har vore heilt nøgd med sommarvêret i år, så er det lov å be til høgare maktar om betre vêr.

– Tidlegare vart det tatt ut av bønna, men kanskje vi skulle tatt det inn att, for det er lov å be om betre vêr. Det er heilt greitt, fortel Etnestad.

Målar Førde kyrkje på søndagen

FORSEINKA: I fjor sommar skulle Førde kyrkje etter planen blitt ferdig måla, men ein dårleg sommar gjorde at dei måtte ta opp att ein del i år.

Foto: Gro Ravnestad / NRK