I Gulating lagmannsrett blei dagleg leiar Jostein Berland (62) funnen skuldig i å ha motteke farleg avfall frå skipet Probo Emu samt mottak av skitten bensin frå seks andre skip i 2006/2007.
Han blei dømd til fengsel i halvanna år. Dette er den strengaste dommen som er gitt i ei sak om miljøkriminalitet her i landet
Vest Tank hadde verken løyve til å motta eller til å reinse dette avfallet, fastslo retten.
- LES OGSÅ:
Kraftig eksplosjon
Det var 24. mai 2007 at det eksploderte to store lagertankar for kjemisk avfall i Sløvåg. Tankane tilhøyrde selskapet Vest Tank. Det var reine underet at ingen vart drepne i den enorme eksplosjonen, men 10 personar vart lettare skadde.
Uhellet førde til at bygdefolket i ein stor omkrins kring Sløvåg vart uvel av utsleppa frå eksplosjonen. Vest Tank vart dagen før ulukka kjøpt av Alexela AS og skifte namn til Alexela Sløvåg.
Etter ulukka brukte selskapet 280 millionar kroner på rydding, ombygging og oppattbygging.
Begge partar anka
Berland anka til Høgsterett både over straffa, saksbehandlinga og lovbruken. Økokrim anka straffeutmålinga. I lagmannsretten la førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland ned påstand om at Berland måtte få fire års fengsel.
Ankeutvalet i Høgsterett avviste anken over saksbehandlinga og lovbruken frå Berland, men ønskjer å behandle straffeutmålinga. Dommen frå Høgsterett vil ha prinsipiell betydning i kommande saker om miljøkriminalitet.
– Etter vår vurdering er dette den mest alvorlege saka om miljøkriminalitet som Høgsterett har hatt til behandling, seier statsadvokat Tarjei Istad i Økokrim til NTB.
Advokat Christian Eckhoff ved advokatkontoret Elden har ført Berlands sak i dei tidlegare rettsrundane. I Høgsterett møter advokat John Christian Elden.
– Vi har anka straffa på eit år og seks månader fordi den er svært mykje strengare enn nokon annan dom etter forureiningslova, og har eit håp om at Høgsterett vil nærme seg tidlegare rettspraksis og redusere denne, skriv Elden i ein e-post til NTB.