Hopp til innhold

Ber fylkeskommunen om å følge lova når det gjeld fråvær

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ber no fylkeskommunen om å følge lova når det gjeld kva som skal reknast som gyldig fråvær ved vidaregåande skular.

Elev rekker opp hånda i klasserommet

FRÅVÆRSREGLAR: Sogn og Fjordane fylkeskommune får no peikefinger frå Fylkesmannen for si tolking av fråværsreglane.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi har sendt eit brev der vi opplyser om kva som er gjeldande reglar, og har bede fylkeskommune svare på kva dei gjer for følgje dette, seier fungerande utdanningsdirektør Helge Pedersen.

Den nye fråværsregelen på vidaregåande skular har skapt mykje debatt. Særleg etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga eigne tilpassingar der fråvær i samband med lang-, glatt- og oppkøyring ikkje skal teljast inn når ein tel fråvær. Det førte til kritikk frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som meinte Sogn og Fjordane øydela systemet med fråværsreglar.

Få sanksjonsmoglegheiter

– Dersom fylkeskommunen ikkje følgjer oppmodinga, er neste steg å varsle tilsyn. Vi har og moglegheit til å gje pålegg om å endre vedtaket, seier Pedersen.

Pedersen seier det ikkje er ofte ein kjem bort i denne type saker, og vedgår at dersom fylkeskommunen vel å stå fast på si tolking, så har fylkesmannen få sanksjonsmogleheiter.

– Det har vi ikkje, men vi reknar med at fylkeskommunen opptrer i samsvar med lovverket.

Vil møte kunnskapsministeren

– Eg meiner at på bakgrunn av det kompromisset som var i Stortinget så var det rom for å gjere dei tilpassingane som vi har gjort, seier Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet, som er leiar for opplæringsutvalet i fylket.

– Kjem de til å følge oppmodinga frå Fylkesmannen?

Karianne Torvanger

VIL MØTE MINISTEREN: Karianne Torvanger (Ap) er leiar for opplæringsutvalet i fylket.

Foto: Privat

– Vi kjem sjølvsagt til å følge lova og ta til etterretning at vi har fått eit varsel frå Fylkesmannen.

For elevane ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane betyr det at dei inn til vidare likevel ikkje får godkjent fråvær i samband med lang-, glatt- og oppkøyring

– Det er diverre det, det ligg an til no ja. Skulane har og fått beskjed frå administrasjonen om korleis dei skal handtere dette inn til vidare, seier Torvanger.

Saman med representantar frå Rogaland og Hordaland har ho bede om eit møte med kunnskapsminister Røe Isaksen for å diskutere saka. Endeleg dato for møtet er ikkje fastsett enno.

– Vi håpar jo framleis at vi skal få endra regelverket til vår fordel, seier Torvanger.