Hopp til innhold

Fullt kaos om fråvær - no må elevar også få attest frå læraren

Skal du få sjukdom rekna som gyldig fråvær ved Sogndal vidaregåande skule må legen sjå attest frå læraren.

Elev rekker opp hånda i klasserommet

ATTEST: I Sogndal får elevar berre legeattest om fråvær ved sjukdom over fleire dagar eller ved å ha med eigen attest frå lærar om at dei nærmar seg grensa for å miste vitnemålet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg syns det er heilt horribelt. Eg fattar ikkje at det går an å fatte slike vedtak når ein ikkje skal klare å kome til lege heller, seier Anita Nygård oppgitt.

Ho er mor til ein elev på Sogndal vidaregåande skule. Då han måtte vere heime frå skulen med feber og frykta at han etter kvart kunne nærme seg ti prosent fråvær i eit eller fleire fag, fekk han ingen legeattest.

– Vi skal unngå å skrive unødvendige legeerklæringar for bagatellmessige problemstillingar frå første dag, seier kommuneoverlege i Sogndal, Jan Ove Tryti.

Har gjort avtale med skulen

Etter at den nye fråværsgrensa på 10 prosent vart innført i vidaregåande skule, har elevar som treng attest på sjukdom strøymt til legekontora. For bryt dei fråværsgrensa i eit fag så ryk også vitnemålet.

Fråværet ved Sogndal vidaregåande skule ligg på kring fire prosent og legesenteret og leiinga ved skulen har difor inngått ein avtale. Berre elevar som har vore sjuke i meir enn tre dagar får attest, og den gjeld ikkje for dei fyrste dagane. Elevar som nærmar seg fråværsgrensa må ta med skrifteleg melding til legen.

– Elevane får med seg dokumentasjon frå faglærar dersom dei treng erklæring for gyldig fråvær, seier kommuneoverlege i Sogndal, Jan Ove Tryti.

Nygård er fortvila over situasjonen.

– Når det ikkje er godt nok at foreldra dokumenterer at han er sjuk, og ikkje kjem til lege. kva skal eg gjere då? Då er vi like langt.

Total forvirring

Sofie Sundberg

INFORMASJON: Elevrådsleiaren i Sogndal meiner fråværsreglane skapar mykje forvirring og unødvendig byråkrati. – Lærarane skjønar ikkje heilt, rektor skjønar ikkje heilt og elevar skjønar ingenting, seier Sofie Sundberg.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Heller ikkje elevrådsleiar ved skulen let seg imponere over måten saka er handtert på. Ho visste heller ikkje at elevane måtte få attest frå lærar før ein går til lege, før NRK tok kontakt.

– Her er det heilt klart informasjonsmangel. Det er mykje fram og tilbake, så det blir veldig forvirrande for elevar, lærarar og leiing. Det blir veldig mykje byråkrati til slutt, seier Sofie Sundberg.

Ho trur at verken elevar eller lærarar har full kontroll på kva som skal telje som gyldig fråvær og ikkje, og korleis ein skal handtere det. I Sogn og Fjordane gjekk fylkespolitikarane sist veke også inn for at glatt-, lang- og oppkøyring skal vere gyldig fråvær, men Kunnskapsdepartementet har seinare avvist at ei slik tilpassing let seg gjere. Dermed er forvirringa total.

– Det er veldig mykje fram og tilbake, seier ho.

Likevel har både ho og mor Anita Nygård forståing for at legane må prioritere verkeleg sjuke pasientar. For det har vore ein auka pågang til legesenteret siste tida, og dei må ta grep.

– I verste fall kan andre pasientar blir fortrengde fordi ein brukar uforholdsmessig mykje tid på attestane, seier Tryti.