Ber barnevernet snu i omstridd sak

FØRDE (NRK): Representantar frå rumenske myndigheiter la ikkje skjul på at dei meinte det var feil av Norge å ta borna frå foreldra før retten har sagt sitt.

Rumensk delegasjon i Førde om barnevernssak

KLART MÅL: Senator for likestilling i det rumenske parlamentet, Marian Vasiliev, var tydeleg på kvifor delegasjonen er i Norge. Dei forstår ikkje kvifor foreldra er fråtekne borna før saka har vore i retten.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Etter å ha møtt representantar frå regjeringa og Stortinget i Oslo, kom delegasjonen på 11 frå Romania til Førde. Der møtte dei Fylkesmann Anne Karin Hamre og representantar få barnevernstenesta.

Saka der eitt norsk-rumensk foreldrepar vart fråtekne dei fem borna har sett sinner i kok over heile verda. Foreldra er sikta for vald.

– På mine 25 år i politikken har eg aldri opplevd at ei sak har vekt så store kjensler. Hundre- og tusenvis av folk har protestert i gatene, seier Marian Vasiliev, senator for likestilling i det rumenske parlamentet.

Massive protestar

På sosiale medium og i utanlandske tv- kanalar og aviser har det vore sett fram påstandar om at barnevernet greip inn fordi familien, som er aktive kristne, dreiv med religiøs indoktrinering.

Difor meiner støttespelarane at det norske barnevernet hindrar foreldra å gi borna ei kristen oppdraging. I fleire land, også Romania, har det vore store demonstrasjonar.

Barnevernssak skader forholdet til Romania

SKADELEG: Det er ikkje til å kome frå at denne saka skader Norge sitt forhold til Romania, slår delegasjonen fast. (Foto/redigering: Arne Stubhaug/Ole Andre Rekkedal)

Fylkesmann Anne Karin Hamre sa før møtet at målet deira var å gi best mogleg informasjon om korleis barnevernet jobbar i Norge.

For den rumenske delegasjonen var målet eit heilt anna:

– Å få endra avgjerda, seier den rumenske senatoren som leia delegasjonen.

– Ikkje normalt

Ein tidlegare utanriksminister og sju andre medlemmer av det rumenske parlamentet, besøkte Førde i dag. Utanlandske medium har også følgd saka tett. Difor hadde delegasjonen frå Romania følgje av den rumenske statskanalen.

Vasiliev presiserer at Romania har like strenge reglar for vald mot barn, men i likskap med mange andre er dei rumenske myndigheitene svært usamde i at barn kan takast ut av familien før saka er behandla i retten.

– Rumenarane vil respektere avgjerda til retten, men fram til dommen er sett er det ikkje normalt å ta ungane frå foreldra, seier Vasiliev.

Demonstrasjon mot barnvernet i London

STORE PROTESTAR: London er ein av fleire byar der det har vore store protestar mot at barnevernet har teke borna frå foreldra.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Ulike ståstadar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nytta høvet til å gi informasjon om korleis det norske barnevernet og det norske systemet fungerer. Ein time vart sett av til at den rumenske delegasjonen fekk ytre sine meiningar i saka.

Hanne Sæbø fylkesmannen

ULIKE SYN: Hanne Sæbø ved Fylkesmannen var blant dei som informerte den rumenske delegasjonen om det norske barnevernet.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Vi har gjeve dei generell informasjon utan at det er knytt til nokon spesiell sak. Og då har vi blant anna informert dei om rutinane barnevernet har her i landet når det er mistanke om vald, seier Hanne Sæbø i sosialseksjonen hos Fylkesmannen.

Men den rumenske delegasjonen held fast ved at dei meiner at det å ta borna frå foreldra er eit drastisk grep før foreldra har vore i retten.

– Vi oppfattar vel at vi har ulike ståstadar i høve til kva som er barns beste, seier Sæbø.

rumenerar på møte i Førde om barnevernssak

BARNEVERNSSAK: Rumenske politikarar i Sogn og Fjordane for å diskutere ei barnevernssak.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK