Etter ein rockefestival i Eid denne helga var det samla seg ein del ungdom på busstasjonen på Eid. Nokon var rusa, og ein av dei hadde begynt å tulle med ein av politibetjentane. Han vart tilsnakka, og då stakk han frå staden med politiet etter. Under pågripinga vart det eit kraftig basketak.
Den sinte mannen tok bokstaveleg talt tenna i bruk, for å sleppe unna lovens lange arm. Han beit politimannen så kraftig i låret, at betjenten vart sendt til legen med eit opent og blodig kjøttsår.
Etter biteepisoden, vart det slettes ikkje noko vidare festing for 20-åringen. Resten av natta måtte tilbringast i drukkenskapsarresten.