Hopp til innhold

Kommunekassen var tom – då punga næringslivet ut 45 millionar til badeland

MÅLØY (NRK): Då kommunekassa var tom, skaffa næringslivet 45 millionar til badeland. No er det håp i kommunen.

Næringlivsfolk i Måløy

GLADE: For å få fart på utviklinga i lokalsamfunnet har næringslivet skote inn mange titals millionar kroner til badelandet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har brukt ei og ei halv veke på å få på plass desse midlane, det er heilt formidabelt, seier Sverre Søraa.

Forretningsmannen har leia arbeidet med å samle inn pengar til det som skal bli eit storstila nytt badeanlegg i Måløy. Kommunen ynskjer seg eit badeland til 150 millionar kroner, men mangla pengar.

Anlegget har fått namnet Nordfjordbadet og skal løfte lokalsamfunnet. Seinare kan det kome hotell og kulturhus på tomta. Store deler av sentrum har elles vore prega av kaiområder og industribygg.

Sverre Søraa

GJEVARAR: Svein Skibenes (t.v.) og Sverre Søraa (i midten) har leia innsamlingsarbeidet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Næringslivet skal rekruttere dei beste i framtida, då er trivsel viktig, seier Søraa.

I alt er det 21 verksemder som har sikra pengane, i tillegg kjem banklån på 10 millionar kroner.

– Vi har gitt ei fullfinansiering på 45 millionar kroner. Ein gåvedel på 10 millionar, og ein direkte innskoten kapital på 35 millionar kroner.

Lokalsamfunnet bidreg

Fleire stader har næringslivet redda prosjekt når kommunen ikkje har strekt til. I Bergen har til dømes byens rikaste mann, Trond Mohn, finansierte ei rekke idrettsanlegg. Og i Florø får dei no ein ny storhall, takka vare lokalsamfunnet.

Der gav Fjord Base nyleg 10 millionar kroner, som var beløpet dei mangla for å få realisert hallen.

– Det var ein ufatteleg flott gest, og heilt avgjerande for at vi skulle få det til, seier leiar for innsamlinga til storhallen i Florø, Bente Frøyen Steindal.

Også andre mindre bedrifter i det lokale næringslivet bidrog med ulike summar.

– Vi er veldig takknemlege for alle bidraga. Det betyr mykje for heile byen, seier ho.

Ekstra tippemidlar

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, seier det hasta å sende søknad om statlege tippemidlar til Nordfjordbadet, fordi ein då rekk status som interkommunalt anlegg saman med Flora. Det betyr 8 millionar kroner ekstra til badet.

Seinare kan ein ikkje søkje om desse pengane fordi Flora og Vågsøy skal slå seg saman frå nyttår.

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap)

NØGD OG GLAD: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Av og til må ein hive seg rundt, seier Maurstad.

Planar om hotell og kulturhus

Store visjonar for Måløy

DRAUM: For nokre år sidan vart planane for sentrumstomta i Måløy presentert.

Sverre Søraa har sjølv gått inn med store summar. Søraa eig nær halvparten av Coast Seafood som omset for nær 4,3 milliardar kroner og i fjor gjekk med vel 100 millionar i overskot. Han eig også halvparten av tomta der næringslivet vil ha bassenget.

– Coast har gått inn med 10 millionar kroner, personleg har eg putta på ein million, men dette handlar om at alle saman er med og bidrar, til saman blir vi vanvitig sterke seier Søraa.

Bidragsytarar Nordfjordbadet

Betongsaging Nordfjord AS, DVI Service AS, Maritim Bemanning AS

500 000

Bring Cargo AS, avd Måløy

10 000

Brothers AS

1 000 000

Bygg & Boligmarkedet Eiendom AS

1 000 000

Båtbygg AS

2 000 000

Coast Seafood AS

10 000 000

Easy Form AS

500 000

Eili Invest As

1 000 000

Fjord Marin Invest AS

500 000

Husevåg Rør AS

1 000 000

Isovent Holding AS

1 500 000

Lefdal Måløy AS

20 000

Local Host Holding AS

1 000 000

Mato Invest AS

750 000

Mowi ASA

300 000

Måløy Eiendomsutvikling AS

2 000 000

Nordwest 3D AS

25 000

Seacon AS

75 000

Selstad Holding AS

4 000 000

Skibenes & Søn AS

500 000

Skipskompetanse AS

250 000

Sparebanken Vest

1 000 000

Stadgroup AS

2 000 000

Stadt Towing Tank AS

500 000

Storm Bygg AS

50 000

Støa AS

1 000 000

Sætren AS

1 000 000

Toyota Nordfjord AS

1 000 000

Ulvesund Elektro AS

1 000 000

Vest Industrivask AS

500 000

Ekspander/minimer faktaboks

Bidragsytarar Nordfjordbadet