Hopp til innhold

Mann funnen omkommen etter båtforlis i Gloppen

Ein person blei natt til søndag funnen omkommen i sjøen, etter at ein båt med fire personar om bord kantra og gjekk ned i Gloppen i Sogn og Fjordane.

Redningsaksjon i Gloppen.

_Den sakna vart funnen omkomen i sjøen etter ein fleire timar lang leiteaksjon_

Foto: Redningsselskapet

Mannen blei funnen etter ein storstilt aksjon laurdag kveld og natt til søndag. Han blei funnen klokka 01.30 ved hjelp av ein ubåt.

– Det har teke ei stund å få han opp og frakta til land. Vi avslutta leiteaksjonen no nettopp, sa redningsleiar Ben Vikøren ved Hovedredningssentralen Sør-Noreg til NTB klokka 4.20.

De pårørande er varsla. Årsaka til forliset er framleis ikkje kjent.

Vart stogga av våt mann

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 19 laurdag kveld. Tre av dei fire om bord i båten kom seg til land. Desse vart sendt til sjukehus og skal vere oppegåande.

Trond Hatlenes

KANTRA: Innsatsleiar for politiet, Trond Hatlenes, seier det er uvisst kvifor båten har gått ned.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Eit storstila søk blei sette i gang i Gloppefjorden etter den siste personen som var i båten.

Solfrid Vedvik kom køyrande i bil like etter ulukka. Saman med mannen tok dei hand om dei tre som berga seg i land.

– Vi såg ein våt mann som kom gåande langs vegen og veiva med hendene. Han bad oss stogge og fortalde at båten hadde gått ned like utanfor med fire mann. Han visste ikkje kvar dei andre var, fortalde ho til NRK.

Ein annan person kom seg på land eit stykke unna.

– Etterpå høyrde vi rop nede frå vasskanten. Då gjekk mannen min ned og hjelpte han opp, seier Vedvik.

Omfattande søk

Redningsaksjon på Gloppefjorden

REDNINGSAKSJON: Fleire helikopter og båtar søkte i natt etter ein sakna person etter at ein båt med fire personar gjekk ned i Gloppefjorden.

Foto: Steinar Lote / NRK

Operasjonsleiar Bjarte Rebnord ved Vest politidistrikt opplyste til NRK at det er uvisst kva type båt som har gått ned. Årsaka til ulukka er heller ikkje kjend.

Politiet fekk melding om at båten gjekk ned kring 150 meter frå land i den 12 kilometer lange fjorden.

– Dette er ikkje opplysningar som politiet har fått verifisert. Vi har det som utgangspunkt og søket skjer i stort sett heile fjorden, opplyste operasjonsleiar Bjarte Rebnord ved Vest Politidistrikt.

– Det er eit omfattande søk. Ei rekkje båtar søkjer på sjøen og vi har mannskap som gjer strandsøk. Dette er krevjande av omsyn til terreng og størrelsen på fjorden, la han til

Fleire helikopter deltok i søket, mellom anna eit redningshelikopter med varmesøkjande utstyr. Også dykkarar og eit mannskap frå 17 frå brannvesenet deltok.

Redningsaksjon i Gloppen

REDNINGSAKSJON: Det går føre seg ein storstila redningsaksjon i Gloppefjorden etter at ein båt med fire personar har gått ned.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ferjesambandet Anda - Lote var ein periode innstilt då ferja MF «Eidsfjord» deltok i søket. Redningsskøyta «Halfdan Grieg» kom frå Måløy.

– Røde Kors skal søke langs strandsona og oppover til vegen, samt vidare utover mot Hestenesøyra. Småbåtar søkjer langs strandsona, medan litt større båtar søkjer litt lenger ute på fjorden, opplyste innsatsleiar for politiet, Trond Hatlenes, til NRK like før midnatt.

– Båten gjekk raskt ned

Leiteaksjon i Gloppen

SØK: Det vart søkt både frå lufta, fjorden og land etter den sakna mannen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Terrenget i området er krevjande, både å komme seg på land og å søke i.

– Då båten kantra var dei heldige i høve til at det var vind og sjø mot land, som hjelpte dei å komme seg på land, sa Hatlenes.

Hendingsgangen er førebels uviss.

– Men det blir sagt at båten skal ha gått raskt ned, opplyste Hatlenes.

Kommunen oppretta kriseteam etter at dei vart varsla om ulukka i 1930-tida.

– Det er ei frykteleg tragedie for dei involverte og pårørande som no står midt oppi dette. våre tankar er sjølvsagt med dei. Det er uvissa som ein går i no, som er det verste for alle, sa ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

Devik