NRK Meny
Normal

Barry Kader framleis på "tjuvperm"

Fotballspelaren Barry Kader er enno i Frankrike utan løyve frå Sogndal Fotball.

Barry Kader

Barry Kader er enno ikkje tilbake i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var då laget skulle reise med bussen for å spele cupkamp mot Smøras 10. mai at Kader ikkje møtte opp .

Det viste seg at han hadde reist til Frankrike utan å få permisjon.

Jobbar med saka

Sogndal Fotball trudde at han skulle vere tilbake innan 14 dagar, men han har altså enno ikkje kome tilbake til bygda, skriv sognavis.no .

Håvard Flo seier at det ikkje er noko nytt å fortelje om spelaren frå Elfenbenskysten.

- Talenspeidar Trond Fylling jobbar med saka. Vi ventar for å sjå kva som skjer, men vi kan ikkje uttala oss utover dette då dette er ei personalsak som vi må ta internt, seier han til nettavisa.

Kamp i kveld

Kontrakten til Kader går ut etter denne sesongen. Om Kader eller klubben ønskjer å forlenge denne, vil berre tida vise.

I kveld møtast Sogndal og Tromsdalen på Fosshaugane klokka 18. Det blir eit travel veke for laget som også skal spele kampar 4. og 7. juni.

Kampen mot Tromsdalen kan du sjå gratis i Nett-TV. Arve Uglum kommenterer kampen frå kl. 18.

Sjå Sogndal - Tromsdalen direkte i nett-TV

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå