Tidlegare barnehagetilsett dømd til fengsel

Ein sunnfjording i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i sju månadar for å ha hatt overgrepsbilete av born.

Mannen har hatt meir enn 2000 bilete og 34 filmar som synte seksuelle overgrep mot born.

Det var Kripos som varsla lokalt politi om mannen, og han vart pågripen i juni 2016 for å ha overgrepsbilete av born. Sidan mannen var tilsett i ein barnehage, vart foreldra og dei tilsette ved den aktuelle barnehagen raskt fortalt om saka.

Vi har alle opplevd dette som noko heilt uventa, og som eit sjokk, sa kommunalsjefen for skule og barnehage i den aktuelle Sunnfjord-kommunen til NRK.

Mannen skal ikkje ha produsert noko av innhaldet sjølv, og har ifølgje retten heller ikkje spreidd det vidare.

Det blei gjort beslag i ulike lagringsmedium då politiet arresterte mannen. Dette datautstyret blir ifølgje retten drege inn.

Mannen tilstod utan atterhald då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett.