Bård Siem er fødd i 1965. Han vaks opp på eit lite gardsbruk i Rauma i Romsdalen, der han var yngste i ein søskenflokk på fem brødre.
Bård har studert statsvitskap ved Høgskulen i Molde og kommunal planlegging, historie og journalistikk ved Høgskulen i Volda. I 1993 tok han til som journalist ved Sunnmørsposten sitt kontor i Stryn. Frå 1994 til 2006 jobba han ved Sunnmørsposten sitt kontor i Volda. I NRK Sogn og Fjordane jobbar han som radioreporter.
Bård har tre born, har sans for å gå turar i skog og mark og likar å sjå fotball og langrenn på TV.
- E-post: bard.siem@nrk.no
- Telefon: 995 02 412