Hopp til innhold

BALESTRAND: Sp med kjemperesultat - men Offerdal (Ap) trur på fire nye år

Sp har nær dobla sin oppslutning og blir det klart største partiet i kommunestyret i Balestrand. Men Ap har halde stand trass dei omstridde skulenedleggingane.

Arnstein Menes

GLIS, MEN: Arnstein Menes har grunn til å glise på valvaka på Sunnfjord hotell, men sitjande Ap-ordførar Harald Offerdal skal i morgon forhandle med KrF og Høgre om nytt fleirtal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Det er eit veldig gledeleg resultat for oss. So enkelt er det, seier Arnstein Menes frå valvaka på Sunnfjord hotell i Førde.

Han trur skulenedleggingane - som Sp, Venstre og SV stemte mot - er utslagsgjevande for den gode oppslutninga til Senterpartiet. Men sidan SV held på sitt eine mandat og Venstre går tilbake to til eitt, har dei tre partia berre 8 av 17 i kommunestyret.

– Her må vi diskutere med dei andre partia, seier Menes, som er svært lysten på å ta over som ordførar.

Her kan du lese alle resultata frå Balestrand, og her kan du finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

Lovar å jobbe for å opne skulane att

– Eg veit vi har fått mesteparten av stemmene i utkantane av kommunen. Eg trur mange i sentrum også har innsett at det var feil å leggje ned skulane, seier Menes.

– Er det aktuelt å gjenopne skulane?

– Dersom eg blir ordførar går vi i dialog med foreldregruppene i begge grendene for å sjå korleis vi kan løyse den situasjonen, seier SP-toppen.

Arnstein Menes

GRANSKING: No skal Arnstein Menes og Sp finlese valresultata og jobbe for eit fleirtal for ordførarbyte.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trur på fire nye år

Frå stemmetellinga på rådhuset seier ordførar Harald Offerdal seg nøgd med resultatet.

– Med stormen som har vore med skulenedleggingane er det godt gjort å halde stand, seier Offerdal, som blir verande på 24 prosent og fire representantar.

No trur han på å halde fram som ordførar, for i morgon skal Ap, Høgre og KrF, som har ni representantar og eit knap fleirtal i kommunestyret, sette seg saman og forhandle.

Ordførarane Olav Lunden og Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal (t.h.)

Foto: Noralv Pedersen

– Målet er å kome til semje og at du held fram som ordførar?

– Ja.

– Trur du at du får halde fram?

– Ja, det har eg eit godt håp om, seier Offerdal.

Høgre positivt innstilt til Offerdal

Høgre gjer eit svært dårleg val, og har med 12,9 prosent av stemmene meir enn halvert støtta i folket.

– Vi har hatt ein del stemmer i utkantane. Dei har vi mista til Senterpartiet, der dei har gjort reint bord, seier Høgre sin listetopp Lars Tryge Sæle, og stadfester med det Menes sin påstand om Senterpartiet sin styrke i grendene.

Han gir næring til Offerdal sitt håp om fire nye år.

– Vi skal sette oss ned å sjå på ting. Vi må møte med positiv instilling, seier Sæle.