Hopp til innhold

Bakke: «Det blir litt for Hawaii»

TROMSØ (NRK): Eirik Bakke innrømmer lett at det blei for mykje gambling i håp om å ta att "Gutan" si 2-0-leiing.

iEliteserien fotball 2016. Sogndals trener Eirik Bakke etter kampen Tromsø IL- Sogndal på Alfheim Stadion søndag ettermiddag.Kampen endte 2-0.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

– Det er ei jamn opning på kampen, så får Tromsø den første scoringa. Då får dei spelet inn i sitt spor som gjer at dei kan liggje og kontre. I 2. omgang så gamblar vi litt og då blir det litt "Hawaii". Vi satsar på å få ei scoring for å skape litt spenning, men 1. omgangen øydelegg for oss.

Sogndal-trenar Eirik Bakke var ingen slagen mann etter 2-0-tapet for Tromsø, men var skuffa over at spelarane ikkje klarte å skape fleire sjansar.

– Det er det vanskelegaste med fotball. Vi prøver å snu om litt på stilen og tørre å halde på ballen. Men vi må berre halde fram, og reise oss fram mot neste helg.

– No er Tromsø opp i ryggen på dykk, føler du at de er involvert i nedrykksstriden no?

– Eg lika jo betre at dei er i ryggen, enn at dei er framfor oss. Vi veit at i fotballen så må ein gjere seg fortent til å vere der ein er. Eg håpar at både Sogndal og Tromsø er i eliteserien neste år, men vi får sjå.

Målvakt Mathias Dyngeland stod ein god kamp for Sogndal, men legg seg heilt flat for at han burde ha berga den første scoringa til Sogndal.

– Det er jo heilt klart min feil. Eg skal jo ha full kontroll på ballen, eg hoppar inn i ein duell og kjem ut av balanse. I alle andre kampar i sesongen har eg hatt full kontroll på dette. Er jo ganske dumt når det gir Tromsø 1-0.

TIL-Sogndal
Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..