Hopp til innhold

Bakke: – Ein rotete kamp

Sogndaltrenar Eirik Bakke er skuffa etter tapet mot Ull/Kisa på bortebane søndag ettermiddag. Dette er Sogndal sitt første tap denne sesongen. – Eg er utruleg skuffa over prestasjonen, men resultatet blir som det blir når vi ikkje presterer på det nivået vi skal.

Han seier dei har gjort mange rokeringar på grunn av skadesituasjonen.

– Vi var litt overalt og då blir svake. Det var ein rotete kamp, og vi er ikkje der vi skal vere. Dermed blir det tøft mot eit godt spelande Ull/Kisa som stod på og jobba, seier han.

Sogndal sleit med å få til noko i 1. omgang, Bakke seier dei henta seg inn att.

– Vi hadde ein god periode i 2. omgang, men vi var ikkje gode nok til å utnytte det godt nok og til å skåre mål. Det er fullt fortent av Ull/Kisa vann.

Neste kamp er allereie 16. mai på heimebane mot Åsane.

– Vi får summere opp dagens kampen, og så kan det hende det blir endringar til neste. Vi får samle oss skikkeleg og slå tilbake. For vi kan vinne kampar også, men det blir tøffe tak mellom anna på grunn av skadesituasjonen.

Eirik Bakke på benken under Fjøra-Sogndal
Foto: Arne Stubhaug / NRK