Hopp til innhold

Bakke skadd mot Tromsø

Sogndal kan måtte klare seg utan kaptein Eirik Bakke i oppgjeret mot Aalesund kommande helg. Midtstoppar Even Hovland kan derimot bli klar.

Eirik Bakke fortvilar etter bom

SKADD: Eirik Bakke fortvilar etter bom mot Tromsø. No kan Sogndal måtte klare seg utan kapteinen mot Aalesund i helga.

Foto: Rune Fossum

Midtveges i andre omgang mot Tromsø i går, måtte kaptein Bakke hinke av bana.

- Eg fekk ein liten trøkk på baksida av låret, så eg er litt spent på kva det er. Eg har hatt det før, så klok av skade gjekk eg av bana med det same eg kjende det. Eg tek ingen sjansar, seier Bakke.

- Kan vere i fare

Kampen enda 0-0 og Sogndal tok med det sine første poeng etter comebacket i eliteserien.

Kommande helg står vågsøyværingen Peter Orry Larsen og Aalesund for tur på Color Line stadion. Som Sogndal har sunnmørslaget fått ein tung start på sesongen med fire poeng på like mange kampar. Bakke fryktar at vestlandsoppgjeret kjem for tidleg.

- Aalesund-kampen kan vere i fare, men eg får gi det tre-fire dagar så får vi sjå fram mot helga, seier han.

- AaFK blir for tidleg

Medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen, seier Bakke fekk behandling allereie etter kampen søndag etter å ha kjent tendensar til krampe i hamstringen.

- Han fekk ikkje strekk, men det var nummeret før. Vi skal vere glad vi tok han ut då vi gjorde. No er Aalesund kampen ikkje meir enn ei veke vekke, og det kan bli for tidleg, seier Jacobsen.

Hovland klar

Even Hovland

KLAR: Even Hovland spelar truleg mot Aalesund.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kapteinen vil trene alternativt dei første dagane, denne veka.

Midtstopparkjempa Even Hovland vart skadd etter stortapet for Odd Grenland på heimebane. Vaimingen prøvde seg på trening fredag.

- Vi satsar alt på at Even blir klar mot Aalesund. Han kjende ingenting til skaden fredag, men sidan han har vore strekkskadd og nesten ikkje trena med laget sidan Odd Grenland-kampen, så vart han spart, seier Jacobsen.