Hopp til innhold

Bakar over 2000 leivar med lefser

Skikkeleg heimelaga flatbrød, lefser og fiskebrød til jul er ettertrakta varer. Slik verkar det i alle fall inne i bakstehuset på Søgnesand inst i Kjøsnesfjorden. Dei to damene bakar, kjevlar og steiker på harde livet i november og desember for å møte etterspurnaden.

Alle vil ha heimelaga flatbrød.

MYKJE ARBEID: Flatbrøda skal snuast og vendast og tørkast. Og deigen må dei kjevle løvtynn med handemakt.

Foto: Gro Ravnestad

– Kvar dag bakar vi rundt 200 leivar med brød eller lefser, fortel Hilde Søgnesand og Anne Grete Førde som driv sitt eige bakstefirma. November og desember er dei mest hektiske månadane for dei to.

– Det er stor etterspurnad etter varene. Spesielt dei to siste åra, og det har vore ein god auke berre det siste året. Vi merkar det mest på at vi må bake meir gjennom heile året. Tidlegare lage vi ikkje så mykje flatbrød, men vi bakar mykje meir av det i år samanlikna med fjoråret, seier Søgnesand.

Sjå video frå bakinga:
(artikkelen held fram under videoen)

Lefsebaking i førjulsstria på SØgnesand i Jølster.

POPULÆRE VARER: Flatbrøda og lefsene frå Søgnesand går unna i tida før jul.

Og i fjor baka dei over 1100 pakkar med lefser, med to leivar i kvar.

Inne i bakstehuset, som står på garden der Hilde Søgnesand bur, ligg mjølet som ei tynn hinne over lokalet. Dei månadane baksten står på som verst har dei seks takker som steiker samstundes for å kome i mål med alle flatbrøda som skal vere klare til jul.

Anne Grete Førde og Hilde Søgnesand bakar flatbrød og lefser på spreng fram mot jul.

BAKAR FOR FULLT: Anne Grete Førde og Hilde Søgnesand opplever auka etterspurnad etter heimelaga flatbrød og lefser, spesielt fram mot høgtider som jul.

Foto: Gro Ravnestad

– Vi må seie nei til nokre butikkar som ynskjer å selje varene våre. Vi vurderer det nøye kvar gong vi får spørsmålet, for vi er redde for at vi er for små og ikkje skal klare å produsere nok, seier dei to.

Bygger musklar med flatbrødbaking

Dei startar dagen med flatbrødbaking, sidan det er den tyngste jobben. For det tek på å få leivane så tynne som mogleg før dei blir lagt på takka.

– Vi brukar handemakt, så det er greitt å vere utkvilde når vi tek den jobben. Men vi tek det seinare på dag også, og avsluttar gjerne med flatbrødbaking, for det er det som krev mest rigging av utstyr.

Flatbrøda skal snuast, vendast og tørkast. Då går det kjappare med lefsene. Berre nokre sekundar på takka skal til før dei er klare, og blir lagt i bunkar.

– Vi legg dei i kvitt klede, med ullpledd og plastikk i botnen og eit vått klede opp på leiven. Det er for at all varmen skal slå ned i leivane igjen, slik at dei held seg mjuke fram til smørjing.

Og når lefsene skal fyllast er det ekte smør, sukker og seterrømme som gjer susen. Sjølve er ikkje lefser det dei først fyller frysen med fram mot høgtida.

– Vi syns det er godt, men vi er ikkje hysteriske på at frysaren skal vere full, seier dei lattermildt, og legg til at dei sjølvsagt set det fram som kaffimat når det høver.