Hopp til innhold

Fekk ingen forskingslovnad frå ministeren

Delegasjonen frå Høgre og Frp fekk ingen lovnader då dei i dag bad landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) stogge nedlegginga av Bioforsk i Fjaler.

Delegasjon frå fylket forsvara Bioforsk på Furuneset.

MØTTE MINISTEREN: Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H), Frank Willy Djuvik (Frp) og fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs møtte i dag landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) om Fureneset forskingsstasjon i Fjaler.

Foto: Privat

Forskingsstasjonen står i fare for å bli nedlagd etter at interimsstyret for Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) rår departementet om å leggje ned på Fureneset og Løken i Valdres .

– Vi opplevde ein landbruksminister som var veldig oppteken av at forskinga som skjer på Fureneset må styrkast og vidareførast fordi den er viktig for forskinga knytt til utviklinga av landbruket på Vestlandet og i Sogn og Fjordane, seier Frank Willy Djuvik.

Fekk ingen lovnad

Fylkeslaga til dei to regjeringspartia vil stogge nedlegginga , og bad difor om eit møte med landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp). Noko konkret lovnad fekk dei ikkje. Det hadde heller ikkje Djuvik venta seg.

– No skal ho setje seg inn i saka og alle argument, både for og i mot, for å ta ei avgjerd i løpet av våren, seier han.

– Er det realistisk å få snudd vedtaket?

– Om det ikkje var realistisk ville vi ikkje reist inn for å argumentere for det.