Hopp til innhold

Avviste grunnleggjar på opning

Grunnleggjar og tidlegare medeigar i bedrifta SafeClean i Høyanger, Johnny Litzheim, vart avvist og nekta tilgjenge då bedrifta skulle ha offisiell opning av nye lokale på Kyrkjebø, skriv porten.no. Litzheim kallar det respektlaust. Noverande eigar og tidlegare kompanjong, Jon Refsnes (biletet), vedgår at Litzheim, var invitert, men at programmet var endra frå ein open dag til eit fagseminar for spesielt inviterte.

Jon Refsnes i Safeclean
Foto: Oddleif Løset / NRK