Avviser resultat i folkerøysting

– Det er ingen grunn til at kommunestyret i Vågsøy skal bry seg om folkerøystinga i kommunen, der det vart fleirtal for å seie nei til nye Kinn kommune. Det seier Frank Willy Djuvik (Frp), som sit i formannskapet i Flora. Han viser til at Stortinget for lengst har godkjend samanslåing av Vågsøy og Flora. Folkerøystinga er slik sett utan verdi, meiner Djuvik.

Frank Willy Djuvik
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK