NRK Meny
Normal

Avviser kritikken frå Terra-meklar

Revisjonen avviser kritikken frå Terra-meklar Harald Nordberg.

Nordberg hevdar at revisjonen har delteke på fleire informasjonsmøte og at dei har sete på same informasjon om Terra-investeringane som det politiske miljøet i Bremanger.

Dette avviser revisor Terje Førde på det sterkaste.

- Det vil eg karakterisere som rein løgn. Viss Terra-meklaren meiner det, så må han dokumentere det. Vi har aldri vore med på nokre møte med Terra. Og det kan dokumenterast i dei protokollane som er skrivne.

- Nordberg hevdar at de har sete på same informasjon som den politiske leiinga i Bremanger og tykkjer det er merkeleg at de kjem med så krass kritikk av kommunen.

- Det er ei ufatteleg utsegn. Når han kjem med rein løgn, så vil vi vurdere å forfølgje dette rettsleg.

Les også:

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser