Avsluttar leitinga i terrenget

I dag blei leitinga avslutta utan politiet kome noko nærare ei forklaring på kva som kan skjedd med den sakna 35-åringen Per Arne Hestenes.

Per Arne Hestenes

SAKNA: Politiet står heilt utan spor etter Per-Arne Hestenes (35) som har vore sakna sidan 8. november

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / Privat / NRK

– Leitinga var resultatlaust også i dag. Skal det leitast noko meir no så må det vere på bakgrunn av konkrete spor, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Hestenes har vore sakna sidan natt til laurdag 8. november, då han var involvert i eit biluhell ved Øvresetkrysset like ovanfor Byrkjelo på fylkesveg 60.

Onsdag og torsdag har politihelikopteret delteke i leitinga og elveredningsgruppe søkte torsdag gjennom Storeeleva i håp om å finne spor etter den sakna

– Vi har no vore gjennom alle dei områda som har vore naturleg å leite i.

Eit mysterium

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

MYSTERIUM: Lensmann Nils Ove Roset står heilt utan spor etter den sakna Per-Arne Hestenes (35)

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette er ei svært spesiell sak, slik eg ser det. Eg kjenner i alle fall ikkje til at vi i dette området har hatt saker der vi har hatt så lite konkret å gå etter. Dette er eit mysterium, slik eg ser det.

Politiet hadde den siste kontakten med Hestenes på telefon om natta etter biluhelletet.

– Då gav han uttrykk for at han var uskadd og at han ikkje ynskte noko meir kontakt med politiet.

– Vart det då avtalt at de skulle ta kontakt igjen på seinare tidspunkt?

– Nei, så langt kom vi ikkje.

Etterforskinga held fram

– Vi vil gå tilbake og sjå på dei opplysningane vi har fått inn, og gå dei nærare etter i saumane og elles avhøyre folk som kan ha opplysningar i saka.

Politiet har gjennomført fleire avhøyr, utan at dette har resultert i noko konkret. Trass omfattande søk over store område, har ikkje politiet gjort funn i forsvinningssaka.

– Vi står heilt utan spor av noko slag, og har ingen peikepinn om kva som kan ha skjedd, seier lensmannen.