Hopp til innhold

Sporlaust vekke i ei veke - ber om tips

I over ei veke har Per-Arne Hestenes frå Gloppen vore sakna. Leitemannskapar har saumfare eit stort område, der 35-åringen sist vart sett, utan spor.

Per-Arne Hestenes er sakna i Gloppen

MYSTERIUM: opp mot 60 personar har delteke i leitinga etter den saka 35 år gamle Per-Arne Hestenes.

Foto: NRK/Privat

– Eg er tom for idear. No blir resten av landet leiteteigen, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Søndag har mellom 30 og 60 personar frå Røde Kors, Norske Redningshundar, og ikkje minst frivillige frå Breim delteke i leitinga etter den sakna 35-åringen. Leitinga har først og fremst konsentrert seg om området frå Øvreset mot Reed, der han sist vart sett etter ei trafikkulukke natt til 8. november.

– Vi har følgt opp tips gjennom helga. Vi har snakka med alle kameratane hans, og vi har heller ingen indikasjonar på at han er utsett for noko kriminelt.

Alt tyder på at politiet er dei siste som har vore i kontakt med Hestenes, då dei snakka med han på telefon like etter ulukka. Tekniske spor er følgde opp så godt det let seg gjere, og det er heller ikkje funne gjenstandar som gjev signal om at 35-åringen har gått eller vore i området.

– Veit du noko – så sei ifrå

– I dag har vi også leita mellom E-39 og ned mot elva, og søkt frå Bergheimsvatnet og ned til Reed. Det har vore gjort ein stor innsats, men utan resultat fortel lensmannen.

Etter avslutta leiting søndag har mannskapa gått grundig over mange fleire kvadratmeter enn det ein først hadde planlagt.

– No har vi også sjekka motbakkar i ein god radius frå ulukkesstaden, og det er eg glad for. No veit vi at han ikkje har lege der skadd. Det er trasig at vi ikkje har funne noko eller har fått opplysingar som kan hjelpe oss vidare. Det er spesielt trist for familien og han det gjeld, seier Roset.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

SEI IFRÅ: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, står heilt utan spor i saka, og ber folk som kan vite noko melde frå.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han ber innstendig om at folk som kan ha opplysingar må kontakte politiet.

– Dersom noko har opplysingar, så må dei kome med det no. Vi lurer veldig på kva som har skjedd.

Ingen teoriar om kva som har skjedd

Folk i området har også blitt oppmoda om å sjekke uthus og løer på eigedomane sine. Leitinga vil halde fram søndag kveld, fram til det blir mørkt.

– Det er ingen som kan tenkje seg at det har skjedd noko kriminelt. Og det er ingen som forstår kvifor han plutseleg skulle vere vekke. Det er i alle fall ingen grunn til å gå under jorda på grunn av trafikkuhellet, understrekar Roset.

Kva som skjer vidare i saka er førebels ope.

– Eg har ingen teoriar om kva som har skjedd. Vi må finne nye innfallsvinklar i morgon, avsluttar lensmannen.