Hopp til innhold

Avsluttar 75-årsjubileet med konsert og plateslepp

Eitt heilt år til ende har Oddvar Torsheim jubilert. I helga slepper han plata «Rokkrullat», og feirar dette med konsert både i Sogndal og i Førde.

Far og dotter Torsheim klare for konsert

GLER SEG: I kveld står Oddvar og Jorunn Torsheim på scena i Sogndal. I morgon er det grand finale i Førde.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg har skrudd i hop mange ting som eg har gjort før i tillegg til mykje nytt, seier Oddvar Torsheim.

Med på plata har han også dottera Jorunn Torsheim.

– Og så har eg med eit stort orkester. Det har vore heilt fantastisk, seier Oddvar Torsheim.

Kunstnaren frå Førde legg ikkje skjul på at musikken framleis står hjarta hans nær.

– Det må gjerast no, seier Oddvar Torsheim.

Fekk feilaktig æra for «Jølsterdag»

Dottera Jorunn tykkjer det er stas å bidra på faren si plate.

På dei to førre platene hans, stod ho for noko av koringa. I tillegg har ho fått ros for å ha vore med på «Jølsterdag». Men det har vore feil.

– Eg har aldri sunge på Jølsterdag. Så no då vi skulle gjere nokre nyinnspelingar, tenkte eg at no må eg sleppe til, ler Jorunn Torsheim.

Men myten om at Jorunn song på «Jølsterdag» har aldri sleppt taket.

– Ho som song den gongen var jo eldre også den gongen. Eg trur ho var nesten 50. Eg var 18 år den gongen, så eg tykte det var ganske irriterande at folk trudde det var meg, smiler Jorunn Torsheim.

Også glopparen Sigrid Moldestad er å høyre på nyeplata til Oddvar Torsheim. Ho spelar hardingfele på nettopp «Jølsterdag».

Trur han har masa litt

Repertoaret på plata er det far og dotter som har stått for.

– Det var einskilde songar vi ønskte eit nytt lydbilete på, for mange av dei er ganske gamle. I tillegg hadde pappa mange nye på lager også. Då det skulle setjast i hop, var det viktig at det vart same lydbilete, seier Jorunn Torsheim.

Begge let vel over samarbeidet med plata.

– Det har gått veldig bra. No er det stort sett mannen min, Pål Bråtelund, som har jobba mykje med pappa, og så har eg styrt mykje av det rundt, seier Jorunn Torsheim.

– Eg har kanskje masa litt mykje, men eg tek ein sjanse innimellom, ler Oddvar Torsheim.

Skal fortelje anekdotar undervegs

Fredag kveld vert platesleppet markert med konsert i Sogndal, og laurdag står Førde for tur. Konferansier Finn Tokvam skal mellom anna vere med å kore, men han skal også ha ein samtale med Oddvar Torsheim undervegs.

– Det blir små snuttar og spørsmål med pappa innimellom. Det blir litt anekdotar og historier som høyrer til songane. Pappa er god til å fortelje historier, seier Jorunn Torsheim.

Sjølv om platesleppet og konsertane på mange måtar summerer opp 75 årsjubileet, så har ikkje Oddvar Torsheim tenkt å gje seg endå.

– Ein må prøve å utvikle seg. Eg trur eg kan halde ut ei stund til, men ein må prøve å gjere tinga betre, seier Oddvar Torsheim.

Han legg til at han jobbar mykje med ord og tekstar.

– Dei må hengje i hop med melodien. Og så må du ha skikkelege ord til det, seier Oddvar Torsheim.

Føler han får syne kva han kan

Både han og dottera ser fram til konsertane i kveld og i morgon.

– Det er eit vanvitig trykk. Det er nokon av dei beste musikarane det er råd å få tak i. Det var noko av det viktigaste med prosjektet. Då tykkjer eg at tekstane og framføringa til pappa kjem til sin rett, og då ser ein kva kvalitet det er over det han har skrive, seier Jorunn Torsheim.

Ho legg til at mange nok tenkjer litt på klovneri når dei tenkjer på Oddvar Torsheim som musikar.

– No føler eg at han får vist kva han kan. Det har vore fantastisk stemning på dei andre konsertane vi har hatt, seier Jorunn Torsheim.