Hopp til innhold

No kan du vandre i Nynorskens skog

I dag opna Oddvar Torsheim ein nynorsk fabelsti, laga av 7. klasse ved Slåtten skule i Førde. Elevane har teikna, saga og mala figurar som no heng langs trimløypa bak skulen.

Nynorsken har også funne vegen inn i skogen. I dag opna Oddvar Torsheim den nynorske fabelstien, laga av 7. klasse ved Slåtten skule. Elevane har teikna, saga og mala figurar som no heng langs trimløypa bak skulen.

SJÅ VIDEO: Elevane har henta inspirasjon frå blant anna kunstnaren Oddvar Torsheim. Mannen med det karakteristiske raude skjerfet stod sjølv for snorklippinga i dag. (Foto/redigering: Silje Bråstad/NRK)

– Sjå der, ja! Dei var veldig flotte!

Elevane på 7. trinn ved Slåtten skule i Førde har invitert med seg kunstnar og musikar Oddvar Torsheim ut i nynorskens skog. For på turstien bak skulen har dei laga ein fabelsti inspirert av Oddvar Torsheim og Ivar Aasen.

– Det er ein urban jungel. Det er eit kunstverk heile stien, og eit veldig godt påfunn, seier Torsheim entusiastisk.

No kan også andre turgåarar sjå avslutningsprosjektet.

– Me har blitt inspirert av Torsheim, sett på hans idear og kome fram til noko som er vårt men inspirert av han, seier Sara Vik Søvde, som er elev i klassen.

– Handverksmessig er det veldig mykje bra arbeid her, seier Torsheim.

Nynorsk fabelsti
Foto: Silje Bråstad / NRK