Hopp til innhold

– Dette er skuffande

Sentrale ungdomspolitikarar i fylket er skuffa over at årets utgåve av fylkesting for ungdom er avlyst.

Torbjørn Vereide

SKUFFA: Torbjørn Vereide meiner at kommunane ikkje har vore aktive nok for å få til god ungdomspolitikk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein av dei som tykkjer det er trasig at det ikkje blir noko av hendinga, er Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet / AUF.

– Det er skuffande, og er skuffa over kommunane som ikkje har vore aktive nok i å få aktivitert dei unge til å bli med på fylkesting for ungdom, seier Vereide til NRK.

Det er Ungdomspolitisk utval (UPU) som i samråd med fylkesordføraren har bestemt at fylkestinget for ungdom vert avlyst på grunn av for få påmelde. Sitjande UPU held fram arbeidet sitt eitt år til.

Fylkestinget for ungdom

AVLYST: Fylkesting for ungdom i 2011. I år blir det ingenting av.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

For få melde seg på

– Ungdomsråd frå ti av 26 kommunar, berre tre politiske ungdomsorganisasjonar og to barne- og ungdomsorganisasjonar hadde meldt seg på då påmeldingsfristen gjekk ut, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

UPU bestemde i eit møte tidlegare i oktober at ungdomsråd frå minst halvparten av kommunane i fylket burde vere med for å gjennomføre fylkestinget for ungdom. Difor har dei no – i samråd med fylkesordføraren – vedteke å avlyse ungdomstinget.

– Må ta ansvar

Tidlegare ungdomsordførar i Flora, Erlend Bøe (H), meiner at politikarane i kommunane må ta ansvar for å få fylkesting for ungdom på beina att.

Erlend Bøe

SKUFFA: Erlend Bøe.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Problemet er at partipolitikarane rundt om i kommunane er meir opptekne av å fronte ungdomar i eige parti fremfor ungdomar i eigen kommune, det er svært synd, meiner Bøe.

Held fram eitt år til

Det sitjande UPU held fram arbeidet eitt år til. Dei vil i samråd med ungdom, ordførarar i kommunane og det politiske miljøet diskutere kva form ungdomsmedverknad skal ha her i fylket.

– Dei vil også diskutere om fylkestinget for ungdom skal halde fram i si noverande form, eller om ein skal finne andre høvelege måtar for ungdomsmedverknad, heiter det i meldinga frå fylkeskommunen.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) synes det er trist og veldig leitt at ein no mått gå til det steget og avlyse fylkesting for ungdom.