I januar kjem MGP-sirkuset til kystbyen, men fleire ungdomspolitikarar kritiserer fylkeskommunen sine løyvingar til arrangementet.
- LES OGSÅ:
Gir 900 000 kroner
Fylkesordførar Nils R. Sandal forsvarar å bruke 900 000 kroner på å få realisert delfinalen.
Men fylkesleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), Tore Storehaug, er ein av mange ungdomspolitikarar som no går høgt på bana mot denne pengeløyvinga. Han får også støtte av fleirtalet i Fylkestinget for ungdom.
(Artikkelen held fram under avstemminga)
- LES OGSÅ:
Storehaug fryktar at løyvinga til arrangementet i Florø vil gå ut over andre tilbod. Kulturutvalet har nemleg eit innsparingskrav på 1,5 millionar kroner.
– Det er mykje betre å bruke pengane på bokbåten, junior-NM på ski og den kulturelle skulesekken. Dette er mykje viktigare enn ein delfinale i Melodi Grand Prix, seier Storehaug.
(Artikkelen held fram under biletet)
Forsvarar prioriteringa
– Det bra at vi får Melodi Grand Prix til fylket, men det er eit lite paradoks når politikarane kan knipse fram 900 000 kroner samstundes som det skal kuttast i kulturtilbodet. Men eg meiner då ein også bør vere tøff nok til å gå tilbake på innsparingskravet, seier Storehaug.
Fleirtal i fylkestinget gjekk inn for å støtte arrangementet, og fylkesordføraren forsvarar framleis prioriteringa.
– Arrangementet har ein veldig positiv verdi, så det var riktig at vi gjekk inn å såg i eksplisitt på saka. Eg trur arrangementet vil motivere ungdom til å delta i kulturlivet, seier Nils R. Sandal til NRK.no.
- LES OGSÅ: