Kondemneringsordningar og stadig modernisering innan fiskeria gjer at fiskebåtar får korte liv. Og autolinebåten Fernando, tidlegare Haugefisk av Bremanger og seinare Måløy, er ein av dei siste autolinebåtane som er att frå det som blir rekna som 1. generasjon.
Original stand
No var også den på veg til å bli spikar, og då greip kystmuseet inn, seier direktør Bjørn Fjellheim. - Den er ein viktig del av den moderne fiskerihistoria, seier han. Og det er ein båt nærmast i original stand.
Aktiv bruk
Kustmuseet tar no ansvar for båten, men ser for seg ei stifting av mellom anna fiskerinæringa, fiskeriorganisasjonane, kystkommunar og Kystmuseet. Bruken av båten må diskuterast i stiftinga, men Fjellheim ser for seg at den skal flyte og vere i bruk på mellom anna messer med utstillingar ombord.