Aukar potten til flaum- og skredsikring

Regjeringa føreslår auka løyvingar som skal gå til oppryddings- og sikringstiltak etter flaumen på Vestlandet.

Veggen i huset forsvann i flaumen

DETTE KOSTA PENGAR: Flaumen i Flåmselvi 28. oktober 2014 er ei av årsakene til den store auken i løyvingane til NVE.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

I statsbudsjettet føreslår dei å løyve 441 millionar kroner til førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar. Av dette er det tenkt at 331 millionar kroner skal gå til sikringstiltak.

Framlegget inneber ein auke på 190 millionar kroner på NVE sitt budsjett, som totalt er føreslått til 1,1 milliardar kroner.

– Auken i løyvingane til NVE vil gjere oss betre rusta til å møte utfordringane vi i dag ser med auka nedbør og naturskadar, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Tiltak etter Vestlandsflaumen

Av forslaget til statsbudsjett går det fram at sikringstiltak i Sogn og Fjordane vil bli prioritert i 2016, mellom anna hastetitlak etter flaumen på Vestlandet i fjor. Kuvelda og Erdalselvi i Lærdal og Flåmselvi er prioritert.

– Veldig positivt

Regionsjef Brigt Samdal i NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat) konstaterer at dei no har fått dei pengane dei treng til å rydde opp og sikre etter flaumen 28. oktober 2014.

– Vi fekk midlar både i 2014 og 2015, og dette er den oppfølgjande løyvinga som regjeringa har sagt at dei ville stille, så dette er veldig positivt for Sogn og Fjordane. Dette vil vere viktig for det arbeidet vi no skal sluttføre.

Brigt Samdal

– GLEDELEG: Regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mykje av pengane, kring halvparten av auken, skal gå til rydding og sikring etter flaumen i Lærdal og Flåm, men Samdal har ei lang liste over andre rassikringsplanar i Sogn nog Fjordane.

– Det er fleire anlegg som får pengar frå dette. Totalt har vi vore inne og gjort arbeid i 40 vassdrag i Sogn og Fjordane. I tillegg er det fleire vassdrag i Hordaland og Møre og Romsdal som skal nyte godt av desse ekstramidlane.

Totalt er Samdal godt nøgd med løyvingane.

– Ja, eg er veldig godt nøgd. Det er veldig hyggeleg for det arbeidet vi skal gjere at denne sektoren blir prioritert. Dette vil forsere arbveidet på ein positiv måte, så det er ein god dag for NVE.

– Nødvendig og bra

Også fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er nøgd med ekstraløyvinga til NVE.

– Det er veldig nødvendig og veldig bra at dei no kjem med ein auke til NVE. I tillegg til å rydde opp etter flaumen i oktober 2014 er det veldokumentert eit stort behov for å førebygge både for flaum og skred i kommunane. Og eg håpar dette berre er byrjinga.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.