Hopp til innhold

Aud Kari spring inn den nye kommunen

Nokon heng seg meir opp i ordet «løpesetlar» enn andre, i valkampen.

Aud Karin Isane undervegs i løpet

PÅ VEG: Aud Kari Isane (SV) spring søndag frå Balestrand til Sogndal. Turen vert i alt 48 kilometer lang.

Foto: Arne Halvor Abrahamsen

Med i overkant av ei veke igjen av valet er det duka for siste innspurt i valkampen. For SV-politikar Aud Kari Isane er dagens valkamp-stunt av det spreke slaget. Ho skal nemleg springe inn den nye storkommunen i Sogndal. Den i alt 48 kilometer lange løpeturen starta søndag føremiddag ved Balestrand sitt kommunehus, og skal ende i Sogndal ved kommunehuset der.

– Eg skal springe i hop den nye Sogndal kommune, seier Isane.

Inspirert av løpesetlar

Politikaren frå Balestrand som i valet stiller som kandidat for Vestland SV seier at ho vart det var eit ord som vert nytta mykje i desse valdagane som trigga ho til å legge ut på den lange ferda.

– Når ein driv med valkamp så driv ein med løpesetlar. Eg tenkte over det ordet og kom på at det er jo eit løp det her også. Så bestemte eg meg for å springe gjennom den nye kommunen.

Isane, som rekna seg fram til at løpeturen hadde vorte over 150 km om ho skulle dekkje hovudvegane langs heile kommunen, bestemte seg for at rådhus til rådhus og 48 kilometer var langt nok. Det er, for ordens skuld, seks kilometerm lengre enn eit vanleg maraton. Isane fortel at kollegaene vart uroa då ho la fram slagplanen sin.

– Dei følte for å presisere at dei ikkje ville springe med, ler ho.

– Men dei støttar saka. Det har vore så mykje negativitet rundt den nye kommunen, men no må me jo prøve skape tru på at me kan skape noko saman, seier ho.

Heiagjeng og følgjesveinar

Balestrendingen, som tidlegare har sprunge fleire maraton, innrømte at ho ikkje hadde førebudd seg godt før ho la ut på turen.

– Eg kunne nok ha trent meg opp i forkant. Men det skal nok gå bra.

Aud Kari Isane på veg til Sogndal

UNDERVEGS: Aud Kari med gode hjelperyttarar, på veg til Sogndal.

Foto: Arne Halvor Abrahamsen

Ho fortel at sjølv om ingen ville springe med ho heile løpet så ville fleire sykle og jogge ved sidan i delar av løpet. Ho håpar også at folk vil møte opp og heie ho fram undervegs, men løpesetlane, dei tek ho ikkje med seg.

– Det vert nok delt ut nokon på ferja, men elles så blir dei vel sendt ut i postkassane til alle i den nye kommunen, seier ho.