Hopp til innhold

Åtvarar mot Via Ferrata i Hornelen

President Leif Inge Magnussen i Norske Tindevegledere meiner ein Via Ferrata i Hornelen vil øydelegge fjellet som klatremål.

Leif Inge Magnussen

STERKT IMOT VIA FERRATA I HORNELEN: President Leif Inge Magnussen i Norske Tindevegledere.

Foto: SVERRE HJELMELAND

– Hornelen har vore eit opplagt klatremål sidan Harald Hårfagre. Det er ein stad ingen gløymer at dei har vore. Dette er truga, seier Magnussen.

Visit FjordKysten AS har planar om å montere boltar og vaierar i fjellveggen og opprette ei Via Ferrata-rute slik det er gjort i Loen. Målet er å trekke fleire turistar til Bremanger.

Men desse planane får sterk motbør. I førre veka gjekk leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag sterkt ut mot å byggje ein slik klatresti i Hornelen.

– Blir frårøva noko spesielt

No får han fylgje av president Leif Inge Magnussen i Norske Tindevegledere.

– Via Ferrata er ein «quick fix» som gjer at mange brått er i terreng dei ikkje har føresetnader for å meistre. Klatring i fjellet krev noko av oss. Vi blir frårøva noko som er heilt spesielt dersom det blir tilrettelagt med firefelts sti, boltar og vardar, seier Magnussen.

– Ikkje eksklusivt for ei gruppe

Wenny I. Hansen

– HORNELEN BLIR IKKJE ØYDELAGD: Dagleg leiar Wenny Irene Hansen i Visit FjordKysten AS.

Foto: Privat

Dagleg leiar Wenny Irene Hansen i Visit FjordKysten meiner Hornelen ikkje er noko fjellklatrarar kan ha som sitt private eige.

– Eg synest ikkje Hornelen skal vere eksklusiv for ei brukargruppe. Det bør vere positvt at fleire kan ta fjellet i bruk på ein forsvarleg måte. Fjellet blir ikkje øydelagt fordi det kjem ein trasé med Via Ferrata.

– Belastning på redningsgrupper

Magnussen meiner ein Via Ferrata vil føre til mange mindre fallskader med brotne anklar og ryggskadar som konsekvens.

– Dette vil føre til meir belastning for redningsgrupper som alt har mykje å gjere knytt til vanleg fjellturisme.

Via Ferrata til Hornelen

SLIK BLIR RUTA: Den raude linja markerer kvar Via Ferrata i Hornelen skal gå.

Foto: Visit FjordKysten AS

Wenny Irene Hansen seier at dei legg stor vekt på at det skal vere trygt for dei som blir med på tur opp ei framtidig Via Ferrata-rute i Hornelen.

– Dei får tilbod om å ha med seg ein guide som skal lose dei trygt opp. Dei har spesialutdanning og kan få folk med høgdeskrekk trygt nedatt eller vidare. Det er eit lågterskeltilbod med sikring som gjer at deltakarane kan unngå skadar som dei ville ha risikert om dei gjekk på eiga hand.

Få uhell i Loen

Ho viser til at Via Ferrata i Loen ikkje har noko alarmerande høgt skadetal. Dette blir stadfesta av dagleg leiar Erik Brendefur i Loen Active.

– På dei fire åra vi har hatt tilbodet har det to gonger vore behov for helikopter for å hente ned folk. Det eine tilfellet var ein som gjekk åleine i varmt vêr, med for mykje kle og utan drikke. Han måtte å hjelp før han kom i gang med sjølve Via Ferrata.

– Det andre tilfellet var ein som vrikka foten oppe på sjølve Hoven, før nedatturen. Alt anna har guidane våre ordna opp i. Og i år var det bortimot 7000 menneske som gjekk Via Ferrata her i Loen.

Via Ferrata i Loen kjempar om å bli Årets Kulturide

FÅ SKADAR: Nesten 7000 gjekk Via Ferrata i Loen i 2015. Talet på uhell er lågt.

Foto: Ernst Riha

– Ikkje store hindringar

Wenny Irene Hansen ventar no på ein geologisk rapport som er viktig for den vidare framdrifta for ein Via Ferrata i Hornelen.

– Avtalen med grunneigarar er på plass, og Bremanger kommune er sterkt involvert i planane, så eg ser ikkje store hindringar for at vi skal kunne kome i gang i 2017. Eg håpar det vil vere positivt for alle som likar å ferdast i fjellet.